027_1024x683

Bamsebesøk på Øye Barnehage

Det var ikkje julenissen som kom på besøk til Øye barnehage med nissesekkar fredag. Det var dei kvite bjørnane Labb og Line som hadde fått vita at ungane trong tursekkar, og som løyste problemet med å ta seg ein tur til barnehagen med sekkar fulle av tursekkar og godsaker til ungane.

 

Ungane flokkar seg om maskottane for å motta tursekk. Alle foto: Norunn Holten

Det var styrar ved barnehagen, Kenneth Bergstad, som hadde spurt Sparebank 1 SMN om hjelp til å skaffe tursekkar til barna. Han fekk ikkje berre positivt svar, men også besøk på barnehagen av dei to maskottane til banken, Labb og Line, som personleg delte ut sekkane til barna saman med ei lita overrasking. Labb og Line var riktig så opplagte, og fekk full oppmerksomheit med ablegøyene sine hos dei ca 20 ungane som var til stades da dei kom innom. Det er første gong dei er på våre kantar, men kanskje ikkje siste, for det såg ut til at Labb og Line hadde det moro dei også!

Jammen var det ikkje nokon litt utanom det vanlege som kom inn døra denne gongen!

Å kike i posen til vennane høyrer med.

Labb og Line saman med ungar og tilsette ved Øye barnehage.