- Søndag 05.02 Gudstjeneste Øvre Rindal
- Søndag 05.02 Høgmesse Ranes kyrkje
- Søndag 05.02 Familiegudsteneste Stangvik kyrkje
- Søndag 05.02 Håndballkamper i Rindalshuset
- Søndag 05.02 Rindal kino: Mission Impossible: Ghost Protocol
- Mandag 06.02 Barneforening i Rindal
- Tirsdag 07.02 Innendørs skyting på Angråmyra
- Onsdag 08.02 Rindal Pistolklubb trening onsdager
- Onsdag 08.02 Åpen leikeplass
- Onsdag 08.02 Skitrimmen
Bakels, Babar og Bjørnstjerne Bjørnson
Ein del av tanken bak Vårsøghelga er å gje eit kulturtilbod til mange grupper. fredag sto barnehagane og dei eldre for tur!
Eldre Hjelper Eldre møtte opp og fylte heile Svorka-salen i kulturhuset. I høve at det er 100 år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde, møtte forfattaren Edvard Hoem og heldt eit interessant og engasjerande kåseri om diktaren og samfunnsbyggjaren Bjørnson. Her vart vi kjent med Bjørnson som både kunstnar, politikar, ektemann og far. Publikum storkosa seg! Skuleelevar hadde også teke turen for å lese sjølvskrivne dikt. Her vart det stor applaus! Desse får vi høyre meir til i løpet av Vårsøghelga. Henning Sommerro og Aimee Leonard trio sto for fleire musikalse innslag og fikk med seg publikum både ein og to gonger. Elles fikk dei frammøtte kose seg med kaffi og ferske bakels.
Historia om elefanten Babar: I Storstuå på kulturhuset var alle seta fylt opp av glade barnehageungar frå Surnadal! Dei hadde teke turen for å sjå forestillinga om elefanten Babar, og på scena satt ein skodespelar frå Teateret Vårt og las frå den spennande historia. Med seg hadde ho ein dyktig blåsekvintett frå Operaen i Kristiansund og store, flotte teikningar på eit lerret bak. Dette falT godt i smak hos ungane, og truleg hos dei vaksne òg.











































