Amtlihammaren_1024x683

Bæverfjordsetra neste!

Bæverfjordsetra er målet når trimgruppa i Bæverfjord i.l. måndag kveld (26. august), inviterer til årets nest siste fellestur. Det blir felles avgang frå Saga kl 17.30, og starttidspunktet er lagt så tidleg for at også dei yngste kan vera med på turen. Som kjent ligg ein av dei 17 trimpostane til idrettslaget på Bæverfjordsetra, så turen gir eitt napp i krus for dei som går for årets trimkrus.

Amtlihammaren_715x477.jpg

Nokon vil kanskje forlenge turen opp til Amtlia? Her: Utsikt frå Amtlihammaren. Foto: Norunn Holten

Det er nemleg enno ikkje for seint å sikre seg krus for dei som ønskjer det. Du må ha vore på ti av dei 17 trimpostane til idrettslaget i løpet av det siste trimåret for å få krus. Trimåret varer til 30. september, så det er enno tid igjen. Treng du råd om turvalg, kontakt Maybrit Hakstad, Rita Settemsdal eller Norunn Holten i trimgruppa.