2020-06-029

Både digital og tradisjonell bøgdakveld

Bøgdakvelden opna digitalt med Blæst’n på storskjerm, bøgdasongen på kaffeborda og publikum kosa seg med kaffe og brød trygt servert porsjonsvis og innplasta. Dermed er Kultuvøkku 2020 i Rindal opna.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall sony 027.JPG

Musikkorpset Blæst’n brukar å spele før starten på Bøgdakvelden, og det gjorde dei i år også. På storskjerm spela dei variert musikk frå det store repertoaret sitt, frå marsj til pop og storbandstil.

Til slutt akkompagnerte dei forsamlinga når sjølve Bøgdakvelden opna med Rindalssongen med tekst og dronefilm frå Rindal på storskjerm (video: John J. Storholt).

Siste digitale innslaget på storskjermen var melodien Brura mi av Ronny Kjøsen, men Rønny Kjøsen og Jo Ranheim og Blæst’n.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 003.JPG

Kulturledar Morten Møller fortalte at han hadde måtta steppa inn som konferansier på kort varsel, ein oppgave han gjennomførte i fin stil – med manuslappar med svart bakside!

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 007.JPG

Første «live»-innslag stod Gøran Bolme for.
- No blir det det motsette av digitalt, sa han, da han introduserte songen som han hadde skrive til rindalingane da dei ville bli trønderar. Den songen la han i munnen på tre skjorer, ei frå Aune, ei frå Bolme og ei frå Lomunddal – til god latter frå salen.

Så var det visa om alle skavankane, som forsterka seg di lenger oppover Surnadalen ein kom. Og aller verst var det hos han, for han var i slekt med både far og mor si! Støste skavanken hans var «nasadråppin.» Den hemma han sterkt, og dråpen kom oftast når det passa minst. Det vart det song av, «Hymne til nasadråppin.»

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 099.JPG
Ronny Kjøsen kom til å spele (bokstaveleg tala) ei sværtaktiv rolle resten av kvelden.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall sony 038.JPG

Først gav han kvitrande tonefølge til Marit Løfaldli, som framførte songen «Litle fuglen» til melodi etter faren, Ola Løfaldli.

Vi fekk enda ein rindalstone presentert av Marit Løfaldli: «Kari og Mari, stat opp no». Den var påskjøtt ein polsdans etter Jostein Rise, kunngjorde Kjøsen. Den vart framført med fullt band, sjå nedafor.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall sony 043.JPG
Band: Jo Ranheim, Morten Stai Berger, Jeanette Paulsen, Olav Nergård Tørset, Marit Løfaldli, Thomas Lomundal og Ronny Kjøsen.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 009.JPG
Ronny Kjøsen har spela i Rindal fleire gonger tidlegare.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 014.JPG
Morten Møller hadde ein samtale med han på scena, der det kom fram at han kanskje vert meir aktiv her framover. Han er hølonding, men no har han vorte Bukting etter at han trefte Marit Løfaldli. (Bur i Løfald-kretsen). Han er 40% organist i Øvre Gauldal. Elles er han frilanser med mange prosjekt på gang. I fjor gav han ut plata «BondeBohem» på Øra studio.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall sony 046.JPG
Subs

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 022.JPG

Unge musikarar
Ungdommen slapp også til på scena. Det nokså nystarta bandet Subs delte to låter. Først framførte Uma Børset Bekken og Sanna Steinshamn melodien Goodbye, før resten av bandet, Synne Dalsegg og Bastian Børset Bekken kom fram og var med på Billy Eilish sin melodi, "Eight." Dette var første offisielle opptreden i Rindal for Subs, og vi håper vi får høre meir frå dei, sjølv om Sanna skal gå musikklina på Follo til hausten.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 030.JPG
Uma Børset Bekken

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 028.JPG
Synne Dalsegg
2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 026.JPG
Sanna Steinshamn
2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 025.JPG
Bastian Børset Bekken

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall sony 049.JPG
Idrettsungdom
Erik Løfald og Mali Eidnes Bakken har gjort det sterkt i idrett siste året, og vi vart meir kjent med dei gjennom ein samtale med Morten Møller.

Høgdepunktet for Erik var 14.plass på 10 km klassisk under Norgescupen i Holmenkollen, i tillegg til to etappesigrar under St.Olavsløpet og persing på 8.50-talet på 3 000 m.

Mali sette 9. og 14.plass under Norgescupen høgast i lag med gull i junior NM motbakkeløp og bronse i UM terrengløp.

Vi fekk høre to målbevisste ungdommar som vil satse på idrett både sommar og vinter framover. Dei er no elevar ved idrettslina på Heimdal vgs i lag med fleire av dei fremste idrettsungdommane i landet. Begge spelar fotball attåt, og dei meiner allsidigheit er ein styrke i treninga.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 043.JPG
Erik vil satse mest på ski, medan Mari vil prøve å hevde seg i toppen både på ski og i løping.

- Desse to er gode ambassadørar for Rindal, sa Morten Møller til slutt.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall sony 050.JPG
Perikom: Jo Ranheim, Morten Stai Berger, Olav Nergård Tørset, Karstein Mauset og Ronny Kjøsen

Perikom entra scena og tok oss langt inn i Trollheimen med Hans Hyldbakk og songen «Trollheim.» Deretter fekk vi høre Perikom sin populære låt «Med di hand i mi.»

Kulturprisen
Ein viktig programpost under Bøgdakvelden annakvart år er utdeling av Rindal kommunes Kulturpris. Det var stille spenning i salen medan ordførar Vibeke Langle leste opp grunngjevinga for prisen, og det var kraftig applaus for Dagrun Løset da ho vart kalla fram for å ta imot prisen.

2020-06-028.JPG
Overraska?  Ja.

Kultuprisen er omtala i eigen artikkel her på Trollheimsporten.

Til slutt under utdelinga fekk prisvinnaren gratulasjon og gode ord framført av Bjørn Børset på storskjerm frå koret «Kor Gøttj,»

BondeBohemen
Til slutt spela bandet til Ronny Kjøsen to av melodiane på plata "BondeBohemen". Den første slåtten, Gautfallen,  var skriven av Ragnvald Bolme og framført med Midt-Østen-tonefall i starten, noko som passa godt med temperaturen i salen.
Visa "Svartårstrøst" er laga ilag med Ola Jonsmoen frå Alvdal og framført med Marit Løfaldli som solist.

Bandet bestod av:

Ronny Kjøsen, trekkspel, piano, harmonium
Olav Nergård, slagverk
Morten Stai Berger, bass
Thomas Lomundal
​Jo Ranheim, gitarar

2020-06-027.JPG
Morten Stai Berger

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall 102.JPG
Thomas Lomundal

Koronasituasjonen gjorde at den tradisjonelle bøgdakvelden som brukar å opne Kulturvøkku i Rindal i år var begrensa i antal publikum og lagt til Torshall der alt det tekniske i form av lys og lyd var på plass.

2020-06-26 Bøgdakveld i Torshall sony 020.JPG
Servering på koronavis

Arrangør av Bøgdakvelden er Rindal Kulturforum og Torshall BA.

Tekst: OleT - foto: Eli Solvik.