ingvild berg henrik aasbø

Surnadal Il Fotball melder:

Avsluttar samarbeidet

Fredag 15. juni vart det klart at damelaget til Surnadal/Søya/Todalen og hovudtrenar Henrik «Henne» Aasbø avsluttar samarbeidet.

Aasbø, som er busett på Langhus utanfor Oslo, har våren 2018 pendla til Surnadal for å trene laget. Klubbane var klar over at dette ville bli krevande både sportsleg og praktisk, og ei totalvurdering gjer det no rett å avslutte her. I det ligg det ei erkjenning av at prosjektet ikkje har fungert som ønska.

Klubbane vil no gå i gang med jobben for å få tak i ein ny hovudtrenar for 2. divisjonslaget. Spelande assistenttrenar Ingvild Berg tek det midlertidige ansvaret for lagets treningar ut vårsesongen.

Vi takkar «Henne» for innsatsen og ønskjer han lykke til vidare!
 

Pressemelding frå Surnadal IL Fotball