Avslutning på stavgangsesongen

Torsdag 8. oktober møtte 37 stavgangarar i Surnadal Pensjonistlag ved Vang Skiarena. Dette er siste stavgangturen i år, og derfor blir det som tradisjonen er, servert graut, bakels og trollkrem.

1.jpg
Klar til start frå Vang Skiarena. Foto: S. Ø.

2.JPG
Ein del av oss går utover mot Stangvika. Her tek Bjørg Heggset, Ellen May Krangnes og Anna Gausen ein pause for dei startar på turen ned Langbrekkå. Foto: V. S.

5.jpg
Medan ca. halvparten har gått utover i retning Stangvika, legg resten turen opp skogsvegen som fører dei ovom gardane på Røen. Her er det òg skitrekket til alpinbakken på Røen sluttar. Foto: S. Ø.

6.jpg
Ein kort pause nedanfor Hjellen. Foto: S. Ø.

7.jpg
Frå Hjellen og nedover er det fin utsikt over mot Søyset, og i bakgrunnen  ser vi  Fossafjellet, Nordviksula, Skjerdingfjellet og Snøfjellet. Foto: S. Ø.

8.JPG
Gruppa som har vore på Hjellen, kjem attende til Vang. Foto: V. S.

9.JPG
På Vang smakar det godt med graut, bakels og trollkrem! Her sit Bjørg Heggset saman med Jan og Anna Gausen. Foto: V. S.

10.JPG
Anders Sæter ”spanderer” bakels på Odd Enge. Foto: V. S.

11.JPG
Folket trivst, og samtalen glir lett rundt bordet. Foto: V. S.

12.JPG
Inger og Olav Øye sit med ryggen til. På andre sida av bordet sit Jorund Melling Talgø, Ellen May Krangnes og søskenparet Jorunn Ness og Lars Halle. Etter at Lars vart pensjonist tek han seg jamlege turar frå Oslo og til bardomsheimen sin Myrset, næraste nabo til Vang Skiarena. Saman med Ola Halle, som òg voks opp i desse traktene, har han vore kjentmann på turen. Foto: V. S.
 

Til slutt gav Jorunn Ness blomster til styret i Stavganggruppa, grautkokarar, bakelssteikarar og mellom dei Brit Nordvik, som fylte år i dag. I tillegg vanka det blomster til to over 90 år.

Med dette vil vi takka alle som har delteke på turane våre for ein fin sesong. Likeeins takk til todalen.no og Trollheimsporten, som har teke imot og publisert stoff frå turane våre. Takk til alle som har kome med forslag til nye turmål, og til dei som har teke imot oss med opne armar når vi har kome heim til dei.

Også i år har det vore godt frammøte, og i snitt har deltakartalet vore over 30 personar pr. tur!

Takk for i år og vel møtt neste sesong!


Foto: Sigrun Ørsal og Vidar Sogge.