Rindal kirke vinter Foto Eli Solvik

Avprinse Jesus?

Preike Lysmessa Rindal kirke 011219

Eg har lært eit nytt ord denne veka – nemleg eit verb som heiter for å avprinse. Kanskje er det fleire som har høyrt det – eller veit kva dette handlar om?

Den ulykksalige avprinsa prinsen er Andrew, veslebroren til prins Charles og nummer åtte i arverekka til den britiske trona. Sjølva, nemleg dronning Elizabeth, har sett seg nødt til å ta ifrå Andrew alle kongelege oppgåver, kongeleg appanasje som løna heiter – og endå til avlyse ei storslått kongeleg feiring av 60-års-dagen hans.

Kvifor? Også det britiske kongehuset er avhengig av tillit, dei skal berre ikkje ha for mange riper i lakken.

Og ja, det å pleie omgang med ein overgrepsdømt milliardær i New York, slik den avprinsa prins Andrew har gjort – det var ikkje lurt. Og dette som kom fram no nyleg om at han tre gonger hadde hatt sex med ein 17-åring då han sjølv var meir enn tre gonger eldre, var rett og slett for skammeleg. Så difor altså – avprinsa. Han er ikkje god nok til å representere kongehuset lengre.

I det heile teke ei trist historie, - fyrst og fremst for dei jentene han måtte ha krenka, men også for han som har falle så djupt.

For meg var avprinsing eit nytt ord – det var det gjerne for alle. Men me er mange som held på med dette, utan at me har kjent til ordet for det. Og sidan det er presten som seier det, og sidan advent handlar om å koma og bli teken imot, så … så er ikkje vegen lang til den himmelske tronarvingen som dei venta på, som kom julenatt, som kjem –

Jesus kom den gong for 2000 år sidan. Men var det nok med det?

Nei, det var på ingen måte nok. I og med oppstandelsen ifrå dei døde, så lever jo Jesus fortsatt. Og i og med at han gav Den Hellige Ånd, så kan Jesus leva i hjarta vårt, i tankane våre, i framtidsutsiktene våre, i draumane våre – og i lag med oss.

Kven kan avprinse Jesus? Det kan me alle. Den jobben er ikkje forbeholdt Sjølva i England.

Tenk litt over kvar du sjølv står i forhold til Jesus – har du avprinsa han? Har du gjeve Jesus ein meir marginal plass i livet og tankane dine enn du har godt av?!

For Jesus kom jo ikkje for sin eigen del. Han hadde det nok meir artig der han var. Nei, han kom for oss. For å ta seg av oss og alt me dregst med av skuld og skam. Sjølv om han visste at kongekrona ville bestå av torner. Sjølv om det å bera alt av skuld og skam kosta absolutt alt av liv og kjærleik.

Eg høyrde ein dialog mellom NRKs hofftrenar Yngvar Andersen og Frp sin nestleiar Sylvi Listhaug på radio denne veka.

De veit, han Yngvar som er trenar-kjendis frå NRK, halvt marokkansk og pratar eit berre nydeleg Sognemål.

Dei to har ein relasjon og møtest i kjellaren på Stortinget med jamne mellomrom. Så seier trenar Yngvar noko som er så sant, så sant: Me treng ikkje skuld og skam, men hjelp.

Eg veit veldig godt kva det vil seie å skamme seg over feit kropp og dårleg kondis. Men skammen hjelper ingen.

Me treng heller hjelp, - hjelp til å koma i gang, hjelp til å sjå forbetringspotensialet, hjelp til å sjå at me kan meistre. Sylvi Listhaug har erfart det sjølv: Ho har kome i mykje betre form med regelmessig trening.

Me treng ikkje skuld og skam, men hjelp.

Prins Andrew har rota seg inn i mykje skammeleg, - både for han personleg, for heile kongehuset og ikkje minst for dei ungjentene som måtte vera krenka.

Skammeleg oppførsel kan me vel alle få til i større eller mindre grad, utan at det blir verdensnyheiter av det. Er me heldige, går me under radaren til ryktebørs og folkesnakk.

Men me har alle vårt. Skuld og skam me måtte slite med, gagnar ikkje noko. Me treng ikkje skuld og skam, men me treng hjelp.

Og hjelpa er å finne hjå han som kjem til oss for å ta seg av det som er vårt av skuld og skam. Når Jesus er hjelpa vår, er det vel best at i alle fall ikkje han blir avprinsa - .

 

Foto: Eli Solvik