Thon Hotel Surnadal2

Aune sluttar som hotelldirektør

Øyunn Fugelsøy Aune har sagt opp stilinga si som direktør ved Thon Hotel Surnadal, og skal frå 1. mars 2020 jobbe saman med Tor Rune Halset for å bygge opp ei ny butikk-kjede.

Ingressfoto: Ole Georg Øye, Tor Rune Halset og Øyunn Aune jobba saman for Thon Hotel Surnadal. Frå 1. mars er Øye den einaste av dei som er att på hotellet, medan Halset og Aune skal jobbe med å bygge opp ei ny butikk-kjede.

Måndag vart dei tilsette ved Thon Hotel Surnadal varsla om at hotelldirektør Øyunn Fugelsøy Aune har sagt opp stillinga si.

Aune, som har jobba ved hotellet i 11 år, held fram i jobben ut februar neste år.

– Eg er tilsett på hotellet ut februar, og er "all-in" til eg sluttar. Eg er frykteleg glad i både huset og folket her, og vil fortsette å gjere mitt beste fram til eg sluttar, seier den avtroppande hotelldirektøren.

1. november vart det klart at tidlegare hotelldirektør Tor Rune Halset tek over 10 VITA-butikkar, og Halset er no i gang med å lage ein ny butikk-kjede. Og det er nettopp dette arbeidet Øyunn Fugelsøy Aune blir ein del av frå 1. mars.

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på den nye jobben i mars. Det blir heilt nye utfordringar for min del, og det likar eg, seier Aune, og legg til:

– Og så håpar eg det kjem inn ein dyktig person til å ta styringa på hotellet. Det fortener både bygda og dei tilsette.