690 atleta nyåpning klem per lyder røv ann kristin bruset

Atleta med ny avdeling og utstyrspark i verdensklasse

Måndag åpna Atleta si splitter nye eigentreningsavdeling i kjellaren i Landbrukshuset. – Dette er ei kjempeinvestering, som vi har veldig stor tru på, seier Marit Dalsegg Bruset.

Det var i oktober 2018 at Atleta-gjengen fekk ideen om å utvide, grunna stor pågang og behov for større plass til eigentrening.

No står den nye avdelinga klar, i kjellarlokala i Landbrukshuset, der Amfi Kreativ tidlegare hadde lager. Og både dei tilsette og kundane stortrivst:

– Her har ein alt ein treng på eitt plan, slik at ein kan trene raskt, godt og effektivt. Vi har investert stort i utstyr frå USA, og kjøpt inn det beste ein kan få tak i, seier Marit Dalsegg Bruset, og får støtte av mor og gründer Ann Kristin:

– Utstyret vårt er rett og slett i verdensklasse, seier Ann Kristin Bruset.

– Ja, vi har satsa stort, og har sett saman ein utstyrspark få treningssenter i verda faktisk har. For å finne noko liknande må ein til hovudstadane rundt om kring, seier Maria Hagerupsen Halle.

Ho er ansvarleg for mellom anna marknadsføring, sosiale medier og Atleta sine nye heimesider.
 

Investering for over fire millionar kroner

Dei gamle lokala til Atleta er framleis oppe og går for fullt, og dei vil framleis vere ein viktig del av treningssenteret også etter utvidinga.

– Unntaket er den gamle bootcampen. Der blir det no buldrevegg, som Trollheimen Klatresenter skal stå for, seier Dalsegg Bruset.

Sjølve investeringa og tilpasningane i bygget er det Landbrukshuset AS som har gjort.

– Ingvar Sæther og Per Lyder Røv har støtta ønsket vårt om utviding heile vegen, frå vi spurte om det fanst noko plass i huset vi kunne ta i bruk. Eg tør nesten ikkje spørre dei kva heile ombygginga har kosta, seier Ann Kristin Bruset, og ler.

Per Lyder Røv, daglig leder for Landbrukshuset AS, fortel at ombygginga utgjer ei investering for Landbrukshuset på godt og vel fire millionar kroner.

– Vi har mellom anna senka golvet for å få ønska høgde under taket, og vi har skifta ut alle rør. Det er nytt, eige ventilasjonssystem her, samtidig som vi har gjort ein del andre forbetringar.

Røv seier at dei er glade for initiativet frå Atleta, og ser utelukkande positivt på utvidinga.

– Desse lokala har den siste tida vore rekna som bortimot uegna for utleige. Så denne satsinga er eit stort løft for Landbrukshuset, seier han.

690 atleta nyåpning klem per lyder røv marit dalsegg bruset.jpg
Dagleg leiar i Landbrukshuset AS, Per Lyder Røv, overrekkjer gratulasjonar, blomster og klem til Marit Dalsegg Bruset i Atleta, med Ann Kristin Bruset (t.v.) og Maria Hagerupsen Halle som tilskodarar.
 

– Folk får gåsehud

Når ein kjem inn i den nye avdelinga til Atleta, er både den dempa belysninga og designet noko annleis enn det ein kanskje er vand med frå dei fleste norske treningssenter.

– Det er eit heilt bevisst val frå vår side. Mange treningssenter blir litt som eit akvarium, med veldig mykje lys og veldig mykje kvitt. Her køyrer vi litt meir dempa belysning, og følgjer med det det som er trenden internasjonalt, seier marknadsføringsansvarleg Hagerupsen Halle.

– Samtidig let vi rør og treverk vere synlege, og spelar litt på nordisk stil, seier ho.

Hagerupsen Halle fortel at dei tilsette er storfornøgde med den nye avdelinga, og at tilbakemeldingane dei har fått så langt tyder på at kundane deler oppfatninga deira.

– Vi visste at dette kom til å bli bra, men ikkje at det kom til å bli så bra som det vart. Det har vore kundar innom som har teke til å gråte, og folk som fortel at dei har fått gåsehud, smilar ho.

– Det er så artig at folk no endeleg kan trene her. Både vi og kundane har vore så spente så lenge, seier ei strålande fornøgd Marit Dalsegg Bruset.

Ho fortel at det framleis er meir utstyr og detaljar som kjem på plass i løpet av tida framover, og at Atleta planlegg ein storstilt kick-off i slutten av august.
 

Glade personlege trenarar

Atleta har åtte tilsette, i tillegg til dei tre personlege trenarane Ingun Løseth, Mari Løseth og Jan Helge Uggedal.

Tidlegare i år danna dei firmaet Atleta PT-team, og måndag var dei på plass for å gje råd og tips til dei oppmøtte kundane.

Dei personlege trenarane er veldig glade for utvidinga.

– Det betyr mykje, no er det muleg å utvikle treningstilbodet vidare. Utvida areal og nytt utstyr gjev nye mulegheiter for større variasjon i øvelsar, seier Mari Løseth, og får støtte av kollega Uggedal:

– Med denne nye avdelinga for eigentrening vil det bli artigare for kundane å trene. I tillegg vil det at tilbodet er betre og at det er fleire apparat å velje mellom føre til auka motivasjon for dei som trenar.

– Ja, og motivasjon er ferskvare, så dette blir bra, seier Maria Hagerupsen Halle, og legg til:

– Eg tykkjer det er kjempekult, at tre unge, ivrige folk går saman og satsar som personlege trenarar, med eiga bedrift.

I samband med åpninga av ny avdeling mandag køyrer Atleta åpen veke, i tillegg til ein pågåande vervekampanje for eksisterande kundar. Og dei er det mange av, ifølgje Marit Dalsegg Bruset.

– Trenden på treningssenter er at mange melder seg ut når sommaren og finvêret nærmar seg, men no aukar vi for første gong og rett før sommaren. Men vi har sjølvsagt alltid plass til nye kundar, seier ho.

Meir informasjon om Atleta finn du på heimesidene deira, https://atleta.no/

690 mari løseth, ingun løseth og jan helge uggedal.jpg
Mari Løseth, Ingun Løseth og Jan Helge Uggedal i Atleta PT-team.

690 mari løseth, ingun løseth, marit dalsegg bruset, ann kristin bruset, maria hagerupsen halle og jan helge uggedal.jpg
Mari Løseth (f.v.), Ingun Løseth, Marit Dalsegg Bruset, Ann Kristin Bruset, Maria Hagerupsen Halle og Jan Helge Uggedal ønskjer nye kundar velkommen.

690 mari løseth og eline børmark.jpg
Personleg trenar Mari Løseth og Eline Flora Ynonan Børmark er begge godt fornøgde med den nye eigentreningsavdelinga til Atleta.

Her er nokre bilete av den nye eigentreningsavdelinga, som åpna måndag 6. mai:

treningssenter 1.jpg

treningssenter 2.jpg

treningssenter 3.jpg

treningssenter bård.jpg


Atleta er medlem av Trollheimsporten.