Surnadal kommunevåpen

Surnadal kommune melder:

Asfaltering stenger vegen gjennom Surnadalsøra

Statens vegvesen skal legge ny asfalt på fv. 326 gjennom Surnadalsøra 3. og 4. mai. Trafikken slepp berre igjennom kvar heile time mellom klokka 08 og 20.

Det er ikkje lokal omkøyring. Det blir opna for trafikk klokka 09, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16, 17, 18 og 19. Vegen er open frå 3. mai klokka 20 til klokka 08 dagen etter. Rutegåande transport og naudetatar i utrykking kan passere. Dei som har bilar parkert langs eller nær vegen, må flytte desse før arbeidet startar slik at dei ikkje står til hinder.

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Byggeleiar Per Fladvad, telefon 902 35 679

Dette melder Surnadal kommune på Twitter.