Svanhild_350x209

Ærverdig galeas frå Nordvik

Den ærverdige galeasen "Svanhild" vart bygd som Hardanger-jakt på Nordvik i Surnadal i 1889. I perioden 1991 til 2001 gjekk "Svanhild" gjennom ei omfattande restaurering, og har i dag heimehamn i Florø. "Svanhild" framstår no som eit av dei mest autentiske restaurerte fartøya i Norge, og har våre både på jordomsegling, filminnspeling og vart sertifisert som opplæringsfartøy i april 2005.

I midten av august, nærare bestemt vekke 33, kjem "Svanhild" til Ulsteinvik på Trebaatfestivalen. Etter å halde det gåande på sjette året så får dei no besøk av vidgjetne skuter, som kjem til å ruve bra i Ulsteinvik sentrum under festivalen.

"Svanhild" vart bygd som Hardanger-jakt på Nordvik i 1889. Båten er 76 fot lang og 21 fot brei. Skuta gjekk i fraktefart, hovudsakleg med fisk og salt mellom Kristiansund og Lofoten. Omlag ca. 1925 vart Svanhild rigga om til galeas, det vil seie at den fekk to master. Då vart segla mindre og lettare å jobbe med, og ein kunne no segle båten med fem personar.

På midten av 30-talet blei det installert motor i Svanhild og den store riggen vart teken vekk. Svanhild heldt fram å gå i fraktefart langs kysten heilt til 1976.

- Skikkelig moro at vi får ei så historisk og flott skute på Trebaatfestivalen, seier Tom Henrik Muggerud i Trebaatfestivalen til heroynytt.no.

- Vi får mange flotte båtar på Trebaatfestivalen, men denne står i ei særstilling når det gjeld seglskuter i Noreg, fortel han vidare.

I perioden 1991 til 2001 gjekk "Svanhild" gjennom ei omfattande restaurering. Det meste av båten er skifta ut og gjenoppbygd ved Hardanger Fartøyvernsenter i åra 1991-1997. Den nye riggen er laga i Florø. Det omfattande restaureringsarbeidet er i hovudsak finansiert av Riksantikvaren, men også med god støtte i form av løyvingar frå Fylkeskulturkontoret, Sparebanken Sogn og Fjordane og Florø Kommune.

"Svanhild" er eigd av Stiftinga Svanhild, mens Foreininga Svanhilds venner er dei som driv vedlikehald og held miljøet i sving rundt båten.