artikaill011_350x233

Artikailleriet inntar Sagatun

Skaun Artikailleri har sørga for gapskratt i Sagatun før. Fredag 29.oktober kjem dei tilbake til Surnadal og viser "...med baklysa føst!", humorlaget sin suksessrevy som i sommar har gått for 19 utselde hus. Det vart stor rift om dei 150 plassane til Sagatun-forestillinga da dei vart lagt ut for sal, og alle billettane er utselt.

Skaun Artikailleri har i 15 år underheldt stadig større delar av Midt-Norge med sine revyar. Gjengen har fått fleire prisar - mellom anna på humorfestivalen i Hemne og på Høylandet - og årets sommarrevy på Snefugl Gård i Buvika vart sett av over 3000 publikummarar fordelt på 17 utselde forestillingar.

Det populære Artikailleriet har nære kontaktar til revymiljøet i Surnadal, og medlemmene har mellom anna vore gjestar på gapskrattkveldar i Sagatun før. Revyveteran i Surnadal, Øyvind Holte, tok kontakt med humorvennene frå Skaun, og det som i utgangspunktet var tenkt som ein kveld med utdrag frå "...med baklysa føst!", blir no rett og slett eit høve til å sjå heile forestillinga.

- Ja, 29. oktober kjem dei med heile revyen. Det blir fire personar på scena og tre i orkesteret, og dette blir garantert ein kveld med mykje fliring. Artikailleriet har ei høg stjerne i revy- og teatermiljøet i Midt-Norge, seier Øyvind Holte.

Det vart ikkje lagt ut meir enn 150 billettar til Sagatun-forestillinga. Dette fordi det ikkje blir vanlege stolrader, men plassering rundt småbord og høve til å kjøpe seg øl, vin, kaffe og mat.

Dørene til Sagatun Grendahus sin Gapskrattkveld fredag 29. oktober blir opna klokka 19.45.  Forestillinga startar klokka 20.30, og det blir pause med servering av mat og drikke.

Les meir om Skaun Artikailleri her.