IMG_2349 (002) song 15 02 17

Årsmøte med song

34 personar deltok i songen 15.februar på første møtet 2017 i Indre Nordmøre Senioruniversitet. Det var songar frå Mads Bergs songbok som fylte Svorka-salen på Kulturhuset, og det var tydeleg at dette var songar som var kjente for forsamlinga. Mads Berg var skolemann som levde frå 1865 til 1955, og første utgåva av Mads Bergs skolesongbok kom i 1914. Fram til 1995 kom det heile 26 utgåver av boka, både i bokmåls- og nynorskutgåver, med tekst og tone i same boka, og ho vart trykt i over ein million eksemplar. For mange hadde songar frå denne songboka både starta og slutta skoledagen gjennom heile folkeskoletida.

Mads Berg songbok.png

Organist Tor Stand spelte og fortalde, Noralv Bondhus var forsongar – og enkelte av møtedeltakarane supplerte med personlege minne og opplysningar knytt til enkeltsongar som  til dømes  «Astri, mi Astrid», «Løft ditt hode du raske gutt», «Blant alle  lande i øst og vest», eller «Fager kveldssol smiler». Understrekinga frå Tor Strand var at det er viktig å ta vare på den norske songskatten. Og til styret i senioruniversitetet kom det mange oppfordringar om at slike songmøte må vi har fleire av!

Årsmøtet 2017 vart raskt gjennomført i etterkant. Årsmelding og rekneskap vart godkjent, og styremedlemmane attvalde, med Helene Nergård som leiar vidare. Neste møte blir 24.april, med TV-kjendisen Einar Lunde. Og som vanleg avslutta kaffepraten det heile.

EHA 
 

Tekst og foto: Indre Nordmøre Senioruniversitet