Prm 01 Gamle Nordmør a BGBøe Inger Lise Heggem ingr

Årboka «Gamle Nordmør 2014» i salg

Bøfjorden Historielags årbok «Gamle Nordmør» er no i salg. Boka er på 64 sider og inneheld mykje stoff frå Bøfjorden og Nordmøre elles.

Prm 06 GmN Tordenskjold Heimklang.jpg
Surnadalskora Tordenskjold og heimklang øver kantate i 1978.

I samband med 100-årsjubileet for Nordmøre Songarlag har korsongen på Nordmøre frå dei eldste tider fått fyldig omtale. Artikkelen «Den Konst, hvorved Aanden opløftes» er truleg den mest utfyllande i sitt slag om dette emnet. Frå 1800-talet til i dag har korsongen aktivisert mange i bygdene.

Under tittelen «Museum i tjue» er temadagar og særtiltak i Bøfjorden Historielag sia 1995 omtala og illustrert med foto frå ulike tiltak.

«Salmon Fishing at Baeverdal» er ei engelsk reiseskildring frå 1881.

Lars Indreiten har skrive «Kvardagshelt i vinterdrama» - om Peder Åkvik frå Halsa, som opplevde eit umenneskeleg drama ved Blåfjellet vinteren 1951.

Og visste du at Hans Nielsen Hauge møtte gjetartausa i Sollia like før han vart fengsla og skreiv ein julesalme – frå arresten? Artikkelen har glimt frå Hauge sine fire reiser gjennom Nordmøre.

Bølandet leverer mykje til årboka denne gongen. Historiestoff frå den veglause bygda (fram til 1964) har vore lite kjent. Artikkelen «Bølandets Kvinneforening» er full av artige møtereferat. I høve 50-årsjubileum for Bø-brua (1964-2014) har historielaget skrive ein tilnærma komplette historikk om «Veg, vorr og bru på Bølandet». Samvirkelaget får fyldig omtale i artikkelen «Bua på Bølandet».  Og boka opnar med 17. mai-talen som 16-årige Eline Lillegård heldt på Bøfjorden Grendahus.

Gunnvald Bøe formidlar gode ord og uttrykk i «Orda som fortel». Hovudredaktør Bernt Bøe skriv om siste seglskuta (jakta «Fosna») og om dampbåten «Bøfjord» som innleia moderne kystfiske ved det store tidekvervet for 100 år sia (1914).

Prm 08 GmN Koht 1910c.jpg
Halvdan Koht skreiv muntre nordmørshistorier i «Bondestrid» (1906).

Gode nordmørsstubbar frå Halvdan Kohts «Bondestrid» (1906) kallar på både smil og ettertanke. Kva er eigentleg forskjellen på «surndøler» og «rindøler»? Les, så ser du kva den seinare utanriksministeren meinte om det.

Det er rundt 160 bilete i årets «Gamler Nordmør». Boka kostar 150 kr og er å få på nokre butikkar eller ved å kontakte Bøfjorden Historielag.

Det er tredje året at Bøfjorden Historielag gir ut «Gamle Nordmør». I motsetnad til liknande lokallags-årbøker tek den sikte på å formidle kulturstoff frå heile Nordmøre.

Prm 01 Gamle Nordmør a BGBøe Inger Lise Heggem_690x452.jpg
Leiar Bernt G. Bøe og sekretær Inger Lise Heggem i historielaget er stolte over årboka.

Prm 02 GmN 2014 Framside BØFJORD.jpg
Framsida av boka, med foto av DS «Bøfjord», bygd på Bølandet i 1914.


Fleire foto frå boka:

Prm 03 GmN Dramatisert Radiokveld frå krigen Framført 1995.jpg
Historielagets starta med Fredsjubileet 1995. Her er dramatisering av «Radiokveld under krigen» med skuleelevane Gjertruds Heggem, Eli Orset, Jan Gunnar Bøklepp, Linda Bøe og Ida V. Bøe.

Prm 04 GmN Jonsvaka 2009 BAUTA  Foto Magne Bøe.jpg
Avduking av sjømannsbautaen som Bøfjorden Historielag reiste i 2009. Sokneprest Bernt Venås og kommunestyrerepresentant Gunhild Bøklep Bøe til venstre.

Prm 05 GmN  Jakta Fosna var sist bygde jakt på Nordmøre 1914.jpg
«Fosna» var siste jakta bygd på Nordmøre (1914).

Prm 07 GmN RS W Wilhelmsen i Skrøvsetvika c 1940.jpg
Stort redningsstemne rundt 1940. RS «Willie Wilhelmsen» i Skrøvsetvika.

Prm 09 GmN Øye Ole J & kona SNITT.jpg
Songpioneren Ole J. Øye og kona Rannei.       


Tekst: Bernt G Bøe