Cathrine og Gudmund ingr

Annleis sommar på Kårvatn

Sommaren 2020 er den store norgesferiesommaren, noko dei som held på med turisme kjenner på kroppen. På Kårvatn kan dei fortelje om ein litt annleis sommar, med mange besøkande på butikken og på turisthytta, og kanskje ein litt ny sort turistar.

Ingressfoto: Cathrine og Gudmund Kårvatn.
 

– Det har vore ein hard vinter for dei som driv i sportsbutikkbransjen. G-sport gjekk konkurs og hadde stort sal av billege varer. Snøfattig vinter har og gjort salet treigt. Så kom covid-19.

– Da måtte vi stenge butikken vår, Kårvatn fjellutstyr, ein dag, fortel Gudmund, veka etter kom det ekstremt mykje folk. Plutseleg ville alle på fjellet. Treningssentera var stengte og folk ville ut i naturen. Det var eit så stort trykk på butikken at vi måtte stenge for å omorganisere oss for å få til å følgje koronareglane, seier han.

Utover våren hadde dei god salsvekst, spesielt i helgene. Da kom toppturfolket, som både bruka butikken og turisthytta. Skisesongen varte lenge i år og mange var innom i både mai og juni og kjøpte seg nye ski.


Hektisk vår og sommar

Gudmund kan fortelje om ei auking kvart år på både besøk på butikken og fjellturistar.

– Det blir berre meir og meir populært med friluftsliv, fortel Gudmund. Vi sel mykje godt fjellutstyr, lette sekkar og sko. Mange er i god form og vil ha skikkeleg utstyr. Hengekøyer er også populært.

Turisthytta måtte stenge 12. mars. Dei venta ein stor gjeng med medisinstudentar den helga, men alle bestillingar måtte avlysast. Etter kvart fekk dei ta imot gjestar, men med strenge reglar, som dei enno må følgje.

– Det har vore ein hektisk vår og sommar, fortel Cathrine L. Kårvatn, som styrer turisthytta som heiter Målarstua og leilegheita dei leier ut i Gammelstua.

Ein kan ikkje komme uanmeldt på turisthytter i sommar, ein må ringe og bestille eller sende mail. Ikkje kan ein vera like mange på rommet som før, og reglane for hygiene på hytta er viktigare enn nokon gong. Ein kan ikkje besøke hytta anna enn om ein skal overnatte, og dei som teltar kan berre bruke sanitæranlegget.

– Ja, det har vore ein travel sommar, smiler Cathrine. Det er kjempegøy at det kjem så mykje folk, men når ein må følgje med at reglane for reinhald blir haldne, kan ein kjenne at ein blir litt sliten. I alle år har eg bakt heimbaka brød som dei som kjem på turisthytta kan kjøpe av oss, men i år sel vi berre butikkbrød, ler ho.

Gudmund Kårvatn og Fredrik Thoresen Sletten på Kårvatn Fjellutstyr.jpg
Fredrik Thoresen Sletten og Gudmund Kårvatn på Kårvatn Fjellutstyr.
 

Mange nye i fjellheimen i år

I tillegg til dei gamle gode fjellturistane som er vante med dei uskrivne reglane i fjellet har det i år komme nye turistar. Vi har lese mykje om desse bortskjemte turistane som ikkje er vant med å feriere i eige land, møter dei på slike her på Kårvatn og, tru?

– Nei, det er så mykje trivelege folk, seier Cathrine. Det einaste er at nokre av dei ikkje heilt veit kor hardt det kan vera å ferdast på fjellet. Fleire har måtte ta ein «naudtelefon» heim for å bli henta på Kårvatn. Vegen vidare til neste turisthytte har vorte umogleg.

– Vi ser godt at det mykje «nye» folk i fjellheimen i år, og det er kjempebra, men kanskje ein ikkje bør vera så ambisiøs, ler Gudmund.

Mange brukar Kårvatn som ein base i fjellferien sin. Dette er ein veldig fin måte å feriere på dersom ein ikkje er så fjellvant, eller har med seg barn og besteforeldre. Det er mange moglegheiter på Kårvatn. Vi møter Geir Berg i Målarstua, som fortel at kona er på sykkeltur i dag, medan han vil fiske. Dagen etterpå har dei tenkt seg på ein fjelltur saman.

– Vi var her for elleve år sidan og fekk så god kontakt med folket her. Vi hadde så lyst tilbake for å oppleve den gode atmosfæren som er på Kårvatn, seier Geir.

Geir Berg vaskar etter seg i turisthytta.jpg
Geir Berg vaskar etter seg i turisthytta.
 

Idylliske Kårvatn

Utanfor Målarstua sitt ein ungt par frå Hamburg i Tyskland. Dei skal telte ved elva i natt og skal vidare til Innerdalen neste dag. Dei fann lite informasjon om Trollheimen på nett på engelsk, men kjøpte seg eit kart og for av garde.

– Vi får oss overraskingar kvar dag, vi, ler dei.

Dei tykkjer Noreg er eit vidunderleg land å feriere i. Å setje opp telt kvar ein vil er ikkje noko som er sjølvsagt for dei. Dei får ikkje skrytt nok av norsk fjellheim og av Kårvatn. «Idyllisk» er ordet dei meiner passar best for plassen.

Gudmund og Cathrine håpar og trur at denne sommaren gjer at fleire nordmenn får smaken på friluftsliv. Fjellturistane er dei trivelegaste folka som finst, påstår Gudmund.

– Dei er så glade for å komme fram og det er alltid så god stemning på langbordet framom turisthytta, fortel Gudmund og Cathrine.  Når dei får høyre at vi har dusj blir dei overlykkelege og tykkjer det noko til luksus. Dei er veldig takknemlege. Folk blir glad av å gå i fjellet, veit du, seier det blide paret.

Den 22. august er det Kårvatn Skyrun på Kårvatn.

– Vi ønsker oss publikum, gjerne med norske flagg, seier Cathrine. Og så må folk berre melde seg på etappen til Storfjellet. Det er fire bratte opplevingsrike kilometer.

Niklas Abend og Finja Liebaug.jpg
Finja Liebaug og Niklas Abend.

Cathrine les i gjesteboka.jpg
Cathrine les i gjesteboka.

Cathrine og Gudmund.jpg
Cathrine og Gudmund med fjellheimen i bakgrunnen.