Amigosbasar RV Bøe

Amigos-basar samla fullt hus

Bedehuset Betania i Bøfjorden var fullsett av barn, foreldre, besteforeldre og bygdefolk da barnegruppa Amigos arrangerte 10-års jubileumsbasar andre pinsedag.

Ungane presenterte eit flott songprogram – der nokre av dei også trakterte instrument.

Ein storveies biletkavalkade viste mykje av det Amigos har stått for i desse 10 åra. Mange flotte prestasjonar, og det er tydeleg at dei har det kjekt i barnegruppa.

Rommet var pynta med ballongar – slik det passar seg på ein bursdag.

Basarbordet var stort og innhaldsrikt, og med både åresalg og lykkehjul vart det mange glade vinnarar.

Sjølsagt var det også mat og drikke å få kjøpt. Og det kom inn mange kroner til det vidare arbeidet i barnegruppa Amigos.


Tekst og foto: Randi Vetleseter Bøe