Stryret i Bøfjorden Historielag 2018

Bøfjorden Historielag:

Alt klart for en aktiv sommer

Bøfjorden Historielag har sommaren klar. Med fellesguiden «Opplev Bøfjorden» presenterer laget eit halvt hundre arrangement som heile bygda står for i løpet av sommaren.

Bildet over: Klare til ny sesong. Fire frå det attvalte styret i Bøfjorden Historielag: Gunnvald Bøe (frå venstre), Ragnhild Skrøvset, Inger Lise Heggem og Inge Dønheim. (Femtemann i styret, Bernt G. Bøe, tok biletet.)

Ragnhild Skrøvset, Inge Dønheim, Gunnvald Bøe, Bernt Bøe og Inger Lise Heggem vart på årsmøtet attvalde som leiarteam for historielaget. Årsmøtets tilbakeblikk på 2017 viste eit aktivt år i Bøfjorden Historielag. Sentralt i arbeidet står temadagane på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Desse hadde i fjor eit gjennomsnittleg besøk på 55.

Styret har planene klare også for 14 søndagsprogram i 2018. Sesongen startar 17. juni og varer til 16. september. Desse søndagane byr museet på demonstrasjonar, film og foredrag ved Einar Oterholm, Nils Aukan, Ole Kr. Gundersen, Tor Fjærli og historielagets eigne fagfolk. På temalista står f eks nyskrivne bøker, gardshistorie, dykkaropplevingar, bunadsveving, tønneproduksjon, badstuhistorikk, dialekt, musikk og anna kulturhistorie.

Ei særleg stor satsing er Fjorddagen 8. juli – med guida fjordcruise (sundbåten «Framnæs») og sjøliv av alle slag.

Sommerguide Bøfjorden 2018.png

Bernt G. Bøe med trykkeklar sommarguide «Opplev Bøfjorden». Den inneheld rundt 50 større og mindre arrangement i bygda frå mai til september. (Foto: Randi Vetleseter Bøe)

På vegner av heile bygda gir styret ut sommarguiden «Opplev Bøfjorden». Her er ulike lag representerte  - med rundt 50 større og mindre arrangement.

Blant desse står olsoktreffet ved Elvanesset  27.-28. juli sentralt – med bryggekonsertar, redningsskøytebesøk, sundbåten «Angvik», segling, kajakkpadling og ymse tiltak for heile familien.

Ein vesentleg  sommaraktør er også Bøfjord Idrettslag – med barnefotball, turløp (Åsskardfjorden Rundt 27.5, Blåfjelløpet 1.7), trimtreff og andre tiltak.

Og 7. september kjem Halvdan Sivertsen til Bøfjorden Grendahus.