Tirsdag
Tirsdag Skyet
Skyet
Lett bris
Onsdag
Onsdag Regn
Regn
Laber bris
Picasa

Reisebrev 2

Alaska - fantastisk fauna

Dei to eventyrarane våre i Alaska har sendt oss nytt reisebrev der dei deler opplevingane sine med lesarane av Trollheimsporten. Denne gongen er det fokus på dyrelivet i Alaska.

Alaska tilbyr en fantastisk fauna.

Etter ei og ei halv uke i Alaska har vi nådd sørligere breddegrader igjen.
Kontrastene er store fra snø og minusgrader over Brooks Range til nærmere 20 grader pluss i dag.

Turberetningen legger vi til bloggen vår mens vi i disse leserbrevene til Trollheimsporten fokuserer på ulike tema, tema omkring naturen. Har utfordret reisepartner, ornitolog og naturmann Nils Røv, til å ta for seg ulike tema.

I første leserbrev berettet han om vegetasjon mens han i dette leserbrevet retter fokus mot faunaen. Utrolig nok, som ornitolog, så synes han være mest imponert over dyra, dette selv om vi blant annet har sett alle tre ørnene - kongeørn, hvithodeørn og fiskeørn.

Nils starter i nord og har plukket ut noen dyr som er spesielle for Alaska. Og opplevelsene i Denali preger nok hans bilde av faunaopplevelsen så langt.

 

Nils starter på tundraen helt oppe ved ishavskanten.

På tundraen ved ishavet beiter en flokk store raggete dyr. Moskusdyra likar seg godt i det kalde og vindfulle sommarklimaet. Ein mektig okse med 8 kyr/ungdyr. Snart er det brunsttid og da gjeld det å ha kontroll. Moskusen beiter saftig gras og vier og førebur seg på ein lang og kald vinter med magrare kost. Vi gleder oss over å få oppleve desse dyra der dei naturleg høyrer heime.

Her finn vi på denne årstida også villreinen eller Caribouen.

Den er kjent for dei lange vandringane mellom vinterbeite i nedbørsfattige innlandstrøk og frodige sommarbeiter ved den kalde ishavskysten. Men i nokre fjellstrøk, som i Denali, finnest lokale bestandar med eit anna livsmønster. 

Gjennom sommaren kan ein treffe på storbukkar enkeltvis medan simlene held til i mindre grupper saman med kalvane. Men mot hausten vil bukkane samla seg med simlene. Da gjeld det å ha det største geviret. Villreinen er kanskje det dyret som er best tilpassa eit liv i det arktiske klimaet,

 

Og til Denali dreg vi, lengre sør, etter å ha passert Brooks Range og endå Fairbanks, der finn vi Denali nasjonalpark. Etter ein busstur på eit par timar frå riksvegen er vi inne i villmarka og lastar opp tungsekkane våre og vandrar nokre timar innover villmarka. Her er det ein rik meny å kunne få sjå og oppleva, men vi er usikre på kva vi kan lukkast med å få sjå.

Etter å ha sett opp teltet tek vi fram kikkerten og ser oss omkring. Høgt oppe i fjellet beitar ni kvite villsauer, Dall sheeps.

Men dei er langt unna i bratt og ulendt terreng. I lia bortanfor kjem ei elgku og, sannsynlegvis, ein fjorskalv vandrande gjennom vierkrattet. Nestan samstundes får vi sjå ein prektig reinsbukk i bakken ovafor oss. Gjennom natta skrattar rypesteggen og vi ser fram til morgondagen. Tidleg neste morgon får vi sjå att reinsbukken fortsatt ligg ovafor oss og kviler. Eg tek fram storlinsa mi og får teke nokre bra bilder (sjå lenger oppe).

Medan vi førebur frukost får eg brått sjå to store dyr i lia bortafor. Dei spring i lett trav etter kvarandre. Vi er ikkje i tvil – Ulv. I kikkerten følger vi dem ein halvtimes tid. Dei grev etter murmeldyr eller jordekorn hi før dei forsvinn ned i ein bekkdal.

Vi veit det finnes ulv i Denali, men at vi skulle få sjå dei hadde vi ikkje trudd. Ulven i nord er ein stor og hardfør predator, det farligste rovdyret på tundraen. I Denali er det rikelig med mindre pattedyr om sommaren, store og små gnagarar som bever, murmeldyr og jordekorn. Men vinters tid jaktar ulveflokkene på dei store hjortedyra som rein og elg.

Lars Skrøvseth og Nils Røv.

Les meir på bloggen YesAlaska!

 

Tips en venn Skriv ut