W240910B0001_1024x768

Willys arkivdykk 6

Aksjon Høyløer

I 1984 starta Rindal Heimbygdlag sin Aksjon Høyløer. Det fekk laget stor respons for. Mange kontakta laget og ville vera med. I fjor var det kulturminneår og høyløer er absolutt kulturminne i beste forstand. Dei bør stå som minnesmerke over slåttakarane og tausene, som la grunnlaget for velstanden vår, ved å utnytte alt det naturen kunne gje. Sjå meir om Aksjon Høyløer og mange bilder:

Willys arkivdykk vil ikkje bli berre sport, men det er litt naturleg da eg fort vart sportsansvarleg både i avisa Driva og i Sør-Trøndelag på grunn av den store sportsinteressa i starten som journalist.  Willys arkivdykk nummer 6 har vi kome til Akjson Høyløer, som Rindal Heimbygdlag sto i spissen for. Rindal Heimbygdlag er medlem av Trollheimsporten og du finn dei herBli medlem!

Du finner alle arkivdykka På Porten under hovedsida og Willys arkivdykk.

Rindal Heimbygdlag valgte grendamenn i alle kretsane. Dei hadde sagt seg villige til å administrere dugnadsarbeidet og alt i 1985 var seks høyløer sett i stand. Tilsaman var de 25 grendamenn, saman med styret i heimbygdlaget.

Vidare vart det søkt kommunen om pengar til å sete i stand desse kulturminna og mykje arbeid vart lagt ned og mange høyløer og seterhus fekk nytt torvtak og vart bevart. Du kan lese meir om dete i årsskkrifta frå Rindal Heimbygdlag i åra frå 1985 og framover.

Nedanfor ser du ei teikning laga av Edvin Børset, som har teikna daverande ordførar Paul Haugen og daverande leiar Synnøve Almberg i Rindal Heimbygdlag inn for landing i 1985 i Aksjon Høyløer. Teikninga står i årsskriftet for 1985:

Nedafor teininga finn du mange bilder der styret i heimbygdlaget er på plass på dugnad. Er det nokon som veit meir om dette, namn på folk og kvar dette er og kva for høyløe det er snakk om. Vi kjenner att Liv Nergård Aune og Ingeborg Aune på to av bilda.

Klikk på bilda og sjå dei større og i serie:

W240910B0001_1024x768
Liv Nergård Aune under Aksjon Høyløer.
W240910B0004_1024x683
Ingeborg Aune under Aksjon Høyløer.
W240910B0002_1024x683
W240910B0003_1024x703
W240910B0004_1024x683
W240910B0005_1024x685
W240910B0006_1024x683