Stangvik historielag 3 Ingress

Årsmøte i Stangvik historielag

Mandag kveld, 24. februar, hadde historielaget sitt årsmøte i klubbhuset til IL Søya ved Søyabanen. Vi var litt spente på oppmøtet – snøen hadde lava ned til langt utpå dagen – men gav seg heldigvis til kvelds. Og vi må seie oss ganske fornødd med at 17 stk av medlemmene møtte. 

Bildet over: Leiaren Einar Grønnes og bokskrivarane Erling, Torbjørn og Lars Steinar.

Tekst og bilder: Stangvik historielag

 

På saklista stod dei vanlege årsmøtesakene, bl.a. val på nytt styre. Berre ei utskifting – det nye styre vart: Leiar Einar Grønnes vart attvalt, Marit Haugen (nestleiar) og Rolv Lysø (kasserar) var ikkje på val, Rolf Smisetfoss (styremedlem) vart attvalt, så kom Lars Gudmund Røen inn i staden for Hallvard Kvande (sekretær).

Medlemskontingen i laget har vore uendra sia starten i 2007. Styret kom med forslag om å sette denne opp til 200 kr for enkeltmedlemmer, og 250 kr for familiar (gjeld frå år 2021), noko som årsmøtet slutta seg til.

Elles hadde styret sett opp eit forslag til aktiviteter utover året: Busstur ilag med Todalen Historielag, tur til Årnes med orientering om den gamle Årnesgruva og samling i grendahuset, tur til Steinløå (Konntrøløå) oppi Svarrafjellet og deltaking på møte i Fossheim der det blir orientering om arbeidet «Ålvundfjordingane» har gjort med å registrere stadnamn med overføring til kart.

Etter at årsmøtet var ferdig, fekk vi besøk av Surnadal kommune v/Karin Halle som hadde med ei gåve og helsing frå ordførar og kulturleiar for arbeidet som er nedlagt i samband med skriving/utgjeving av bøkene Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes har skreve. Takk til kommunen!

Før kaffepausen vart bokskrivarane, redaksjonsnemnda for årsskriftet og Bjarne Holten («primus motor» for arbeidet med Steinløa) heidra med ei gåve frå historielaget – sjølv om vi ikkje tykkjer vi fortjener dette, er det kjekt å sjå at arbeidet som blir gjort blir sett pris på.

Til slutt fekk vi ei orientering om arbeidet som er gjort med restaurering av steinløa oppi Svarrafjellet ved Erling Myrbostad og Bjarne Holten. Som nemnt i aktivitetsplana for året tek vi sikte på å ta ein tur dit, truleg utpå hausten.

Stangvik historielag 1.jpg
Nokre av deltakarane.


Stangvik historielag 2.jpg
Karin Halle overrekte gåve frå Surnadal kommune.