Bolme pensjonat 101018

Bolme Pensjonat jubilerer!

80 år og tre generasjonar

Denne helga feirar Bolme Pensjonat 80-årsjubileum med koldtbord og kakebord søndag 14. oktober. Margit Bolme starta bedrifta, sonen Odd tok over, og no er det dotra hans, Mari Kristin Bolme som driv pensjonatet.

I alle desse 80 åra har det vore overnatting og selskap på Nordbu, som Bolme Pensjonat ofte blir kalla på folkemunne. Pensjonatet har hatt frå 30 senger til dagens 20 senger, fordelt på dobbelt- og enkeltrom både med og utan eige bad.

Mari Kristin står bak ei stor fornying av pensjonatet gjennom dei siste 10-15 åra, noko alle som er innom legg merke til. Til og med møblane er fornya i stil med vegger og romma elles.

Selskap
Selskap har det vore frå vogge til grav, med folk både frå Rindal og begge nabobygdene. Bedrifta har plass til både store og små selskap – opp til 120 middagsgjestar.

- Vi kan ha opp til 6 lag samtidig på ein konfirmasjonsdag, og kanskje to bordsetningar, fortel Mari Kristin. - Da er det rimeleg varmt og travelt på kjøkenet!

Rekorden på 17. mai er 750 – 760 middagsgjester, og da var det ikkje berre i grytene det koka!
- Det vart nok mat til alle, og eg trur alle som ville ha saltkjøtt fekk det, fortel Mari Kristin.

Bolme pensjonat middagsgjester.JPG
Middagsgjestar

Dagleg drift
Bolme Pensjonat har ope kvar dag for middagsservering og anna kaffeservering. Nokre er faste middagsgjester, somme kvar dag, men flest er det på torsdagar når det blir servert sildball. Da kan det vere ove 50 middagsgjestar utover dagen, og det er ikkje rart, for Mari Kristin er premiert sildballkokar! Første sidballdagen i haust var det 70-80 gjester.

Nordbukjellaren
Frå ca. 1955 til først på 70-talet var Nordbukjellaren ein samlingsstad for ungdommen i Rindal, det vil seie for dei som sokna til gamle Rindal Idrettslag. Her møttes dei etter fotballkampar, før festar på Torshall og elles i veka.

Det var dei som var konfirmerte og eldre som heldt til der. Dei yngre var berre innom for å kjøpe is, brus eller sjokolade.

Serveringa var dobbel karbonade eller patentsmørbrød (speilegg på karbonaden), solo eller cola. Salte peanøtter i colaen var også ein "rett."

På jukeboksen surra «Lycliga gatan,» «34 - an» og Elvis, og dei tøffaste fyrte på ein røyk.

TøffingiNordbukjellarenjukeboks[1].JPG
Leif Bjørnstad fanga denne tøffingen på Nordbu.
Tøffast var jo dei som hadde vore ein tur til sjøs og røykte Camel!

Oddvar Sing Løset og Per Skjølsvold 2018-10-10 11.27.10.jpg
Oddvar "Sing" Løset og Per Skjølsvold er av dei mange som hugsar Nordbukjellaren

Oddvar «Sing» Løset fortel at han var på Nordbu da Kennedy vart skoten, og Per Skjølsvold hugsar at dei var 5-6 stykke som slo seg laus og bestilte 12 karbonadar der ein gong før dei drog til Rindal sentrum på kino og betalte cash – ikkje med Vipps.

Det var også mange som var innom der stivpynta før dei var på Torshall på fest. Alle var ikkje like fine når dei for heim igjen.

Margit Bolme 2018-10-10 11.42.29.jpg
Gründaren Margit Bolme

Det var Margit Bolme (fødd Løset, gift med Lars Bolme) som starta med pensjonat her. Tidlegare var det både meieri og landhandel der. Margit var 20 år og ugift da ho starta pensjonatet, og ho lånte pengar av faren. Mari Kristin Bolme var forresten også berre 20 år da ho tok over drifta av pensjonatet etter far Odd Bolme og mora Astrid. Margit dreiv på til 1984.

Bombekrater 1940 2018-10-10 12.03.28.jpg
Våren 1940 prøvde tyskarane å bombe Bolme bru. Her ser du krateret ved brua over Gryta. Dei bomma på brua over elva, men dei kunne like godt ha treft pensjonatet som ligg nærare brua enn dette.

Krigen
Da krigen kom vart Bolme Pensjonat okkupert av tyskarane og Margit og familien måtte flytte til ei hytte ved Grønlivatnet ei tid. Dei fekk mesta ikkje med seg nokon ting frå heimen.

Margit hadde ein mjølsekk på mørkloftet. Den skulle ho gjerne hatt tak i. Ho fekk med seg Ola Børset (Nygarden) med trille og drog til pensjonatet. Ho gjekk inn i kaféen og forbi tyskarane og sa at ho skulle på mørkloftet og hente noko. På loftet fann ho mjølsekken, tok den på ryggen og bar den ut og trilla den heim utan at tyskarane grip inn.

Opphaldet i hytta var berre ei kort tid, men da familien flytta heim at, var det ein god del ting som var borte, men forholdsvis ubetydelege ting.

Mot slutten av krigen var det samar frå Finnmark som vart evakuert til Nordbu og fleire andre plassar i Rindal. Det går ei historie om at da Ørabilen passerte nokre av samane i samedrakt, var det ein passasjer som kika ut og trudde han var kome for langt nord.

Bolme pensjonat med hage før påbygg.jpg
Bolme Pensjonat med hage, før påbygg.

Feriestaden
Bolme Pensjonat har vore feriestad form mange, særleg frå Kristiansund og omland, både sommar og vinter, og ikkje minst i påska.

I fleire julehelger leidde dei ut til uteliggarar og andre trengande frå Trondheim kommune. Da fekk dei julemat, sjølv om det eigentleg ikkje var med i avtalen. Dei hugsar særleg ein nordlending som gledde seg stort over lutefisken. Han åt den og reinska den i munnen slik at beina kom ut i eine munnvika!

Mari Kristin Bolme 101018.JPG
Mari Kristin Bolme (over) er glad for å fortelle at ho har hatt ein fin omsettingsauke dette året. Det er mesta ikkje ei natt utan overnattingsgjester, noko som også heng saman med aktiviteten i næringslivet elles i bygda.

Bolme pensjonat betjening.JPG
Mari Kristin i sofaen på peisestova i lag med Valentyna Melnychuk og Natalja Kosjanenko som var på arbeid denne dagen. 

Framtida
Mari Kristin er heilt avhengig av gode og dyktige medarbeidarar som kan jobbe når andre har fri – i helger og raud-dagar. Ho rosar dei tilsette som er dyktige, og som tilpassar seg dette. Det er 3 heiltids- og 3 deltidstilsette i bedrifta no.

Bolme pensjonat spisestua.JPG
Ein del av spisestova.

- Vi er i ein tøff bransje som har mange avgifter, skjema og tilsyn å forhalde oss til, seier Mari Kristin, men ho ser positivt på utfordringane framover.

- Må ha noko å halde på med, seier ho. - Det er ingen 9 til 4-jobb, men ein livsstil som eg er vakse opp med. Ho håper neste generasjon ser seg råd til å ta over og føre familietradisjonen vidare med Bolme Pensjonat, som truleg er den eldste privateigde bedrifta i Rindal.

Delta i feiringa av 80-åringen med å ta søndagsmiddagen på Bolme Pensjonat!

Bolme Pensjonat er medlem av Trollheimsporten

Bolme pensjonat 1938.jpg
Bolme Pensjonat 1938

Bolme pensjonat1938 a.jpg
Dette bildet frå 1938 viser at det var trapp opp til huset da. No går ein ned til huset frå vegen.​

Bolme pensjonat ca. 1955 2018-10-10 12.00.03.jpg
Flyfoto av Bolme Pensjonat 1955

Odd Bolme på sykkel med onkel Fredrik Løset.jpg
Odd Bolme på sykkel med onkel Fredrik Løset