8 mai Stig Cato Magnussen Lilli Husby_1200x800

8. mai-markering i Surnadal

I desse «koronatidene» har ein måtte planlegge merkedagane i mai utan det store publikum. Ein har difor i år valt å filme markeringa av 8. mai i Surnadal.

Stig Cato Magnussen, områdesjef i Heimevernet, og kulturleiar Lilli Husby har lagt på krans ved dei tre bautane til minne om dei som mista livet da krigen braut ut i 1940. Raymond Grøvdal Hansen frå Nordmøre Folkehøgskule var med og filma kransepåleggingane i eit tidvis ufyseleg vêr som utfordra både bilde- og lydopptak.

Etter turen til Åsskard, Todalen og Stangvik kyrkje, vart markeringa avrunda i Surnadal kulturhus der ordførar Margrethe Svinvik tala og Stig Cato Magnussen offentleggjorde tildeling av «Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar» til ein surnadaling.

Markeringane kjem slik i filmen:

Ved Todalen kyrkje (Anton Husby) frå starten

Ved Stangvik kyrkje (Halvor Røen) etter 04:30

Ved Åsskard kyrkje (Gunnar P. Bøe) etter 09:00

I Surnadal kulturhus etter 14:00