Onsdag
Onsdag Skyet
16°
Skyet
Svak vind
Torsdag
Torsdag Skyet
21°
Skyet
Svak vind
tp_leserinnlegg

8. MAI 1945 – ein tragedie?

Dordi Skuggevik har nytta minnedagen 8. mai 2020 til å skrive avisinnlegg – om «9. mai 1945: Tragedien som begynte for 92000 nordmenn.» (Trollheimsporten 9/5). Det må vel bety at ho meiner at fredsslutninga 8. mai 1945, med at den tysk-nazistiske okkupasjonshæren på vel 350000 mann la ned våpna, og at nordmenn som på ulike måtar hadde samarbeidd med okkupasjonsmakta, vart rettsleg forfølgde, var ein tragedie. Når ho nemner talet 92 000, tenker ho vel både på dei 50 000 nordmennene som vart dømde, men også på dei nesten like mange som vart frikjende eller fekk sakene sine lagt vekk.

Eg går ut frå at også Dordi Skuggevik aksepterer at enkelte av dei nordmennene som samarbeidde med Nazi-Tyskland fortente straff, anten det no galdt t.d. Vidkunn Quisling eller Henry Rinnan, eller dei som organiserte og gjennomførte registrering, utsending og drap på bortimot halvparten av dei norske jødane. Samtidig er dei fleste – kanskje ikkje Dordi – samd om at det norske rettsoppgjeret var mildt, med 25 nordmenn som vart avretta, og med at dei siste som fekk fengselsstraff, slapp fri alt i 1956.

Når Dordi Skuggevik skriv så engasjert, er det vel helst det utanomrettslege ho klandrar. Og her kan vere mykje å seie. Dei fleste med innsikt vil sjå at enkelte grupper slapp urimeleg lettvint unna: krigsprofitørar som tente store pengar på anleggaarbeid og brakkebygging, eller nazipressa – med Aftenposten og Adresseavisen i spissen, som tente store pengar og la grunnlaget for sin dominerande posisjon etter krigen, eller norske menn som opererte som soldatar som del av nazi-hæren på ekstremt brutal frammarsj i Russland. Andre fekk tiltale nokså automatisk ut frå medlemsskapen i NS, sjølv om svært mange av desse var av dei som slapp tiltale. Og atter andre vart utsette for mobbing og mishandling, t.d. enkelte unge jenter som hadde forelska seg i stramme tyske soldatgutar. Likevel: Alt i alt er dei fleste samde om at Noreg kom rimeleg brukbart frå rettsoppgjeret etter krigen. Ikkje minst tydeleg blir dette når vi samanliknar med dei fleste andre landa i Europa.

Eg har sjølv vakse opp med «tyskerunge» i nabolaget – slik mange av vår generasjon har. Enkelte opplevde nok mobbing og mishandling – men faglitteraturen om dette gir ikkje inntrykk av at dette var det vanlege. Og etter mi meining skal ein ha nokså spesielt hørselsapparat om ein i Noreg 8.mai 2020 høyrde noko hat- eller «Tarzan-brøl» frå preikestolar, kateter eller media. Tvert om har informasjonen om krigen og krigsoppgjeret – etter mi meining – blitt stadig meir nyansert og mangesidig. Ingerid Stenvold leia eit svært fint program i NRK om kvelden, og eg er samd om at programmet med min gamle kjenning, Lingesoldaten Ragnar Ulstein, var vel verd å bli sent enda ein gong. Og i år har også endeleg dei norske kommunistane og deira innsats i det norske motstandsarbeidet under krigen fått sin historisk rettmessige dokumentasjon i eit solid historieverk. For ifølgje historieprofessor Hans Fredrik Dahl er 2.verdskrigen «Krigen som aldri tar slutt». Innlegget til Dordi Skuggevik illustrerer det tydeleg.


Eivind Hasle
6650 Surnadal