Midtigrenda

30-årsjubileum i Midtigrenda

Tysdag var det stor feiring i Midtigrenda barnehage i Surnadal. Det er 30 år sidan barnehagen vart bygd, som kombinert barnehage og grendahus. Sidan den gongen har barnehagen vokse til å romme 60 barn og 20 tilsette. Og alle stortrivst midt i grenda!

Tysdag var det feiring både ute og inne i barnehagen, med lapskaus til lunsj og steiking av sveler ute i Storskogen. Ungane trivst godt ute i haustveret, og dei vil gjerne vise fram trolla i skogen til fotografane som kjem innom.

DSC_1062.jpg
Her er eitt av trolla i skogen.

DSC_1067.jpg
- Det er fleire som vil vere med på bilde!


Midlertidlig løysing som fungerer godt

Einingsleiar Signe Lill Aasland fortel at barnehagen vart bygd som kombinert barnehage og grendahus. Den gongen var det tre avdelingar, no er det fem. I fjor vart barnehagen utvida med ein brakkerigg slik at det vart nok barnehageplassar til alle i bygda. Dette har fungert godt, men brakkeriggen er sjølvsagt ei midlertidig løysing, og politikarane i Surnadal skal snart ta stilling til korleis dei vil løyse behovet for barnehageplassar i framtida.

DSC_1075.jpg
Heidi Helgetun har arbeidd i Midtigrenda barnehage i 30 år, og ho trivst framleis like godt.
 

Trivsel midt i grenda

Barnehagen ligg passe sentralt og samtidig skjerma. Dei har eit stort uteområde, og dei har ein lavvo på Vassenden som dei brukar ein del.

Med ca 60 barn og ca 20 tilsette er Midtigrenda ein stor barnehage, og større enn nokon gong før, så god organisering i kvardagen er ekstra viktig. Signe Lill Aasland fortel at dei har godt samarbeid mellom avdelingane, og at alle stortrivst her.

DSC_1059.jpg
Barna har laga ei eiga kunstutstilling til jubileet, og det har fått plass i gapahuken. Alle har vore med og laga noko, og 4- og 5-åringane vil gjerne vise det fram.

DSC_1093.jpg

DSC_1095.jpg

DSC_1100.jpg
Eit av trolla i Storskogen.