270 glade 4H-arar på fylkesleir

Frå  25. - 28.juni var 270 4H-arar samla på Gjermundnes for å delta på 4H Møre og Romsdal sin fylkesleir. Her sov dei i telt og var med på ulike aktivitetar. Deltakarane kom frå heile fylket, frå Kvamsøya i sør til Sunndalen og Tingvoll i nord.

Frå Sunnmøre deltok 130 stykker, dei var frå Kvamsøy, Sykkylven, Ørsta, Valldal, Myrvåg, Hareid, Bjørkedalen og Hellesylt.

Av dei mange aktivitetane deltakarane kunne velje mellom å vere med på var foto, gardsbesøk, vikingaktivitet, mekking, teater, hybelmat, fjelltur til Rampestreken, fotball, stell av hest, volleyball og kajakk.  

Temaet for leiren var retro/gjenbruk, og laurdagskvelden vart det arrangert «retroparty» med mange flotte kostymer.

På volleyballbanen er de kamp om heider og ære, med full innsats under kvar einaste kamp. Volleyball er «nasjonalsporten» til 4H, og i løpet av den fire dagar lange fylkesleiren så skal mesterane kåres. Det var og konkurranse om å bli fylkes sterkaste klubb, dette blei avgjort med tautrekking. Det var og klubbstafett, natursti og mange andre ulike aktivitetar.

Freidig 4H frå Bjørkedalen tok storeslem og gjekk av med sigeren i dei tre gjævaste klassene, volleyball for junior/senior, volleyball for aspirant og tautrekkinga. 

Søndag ettermiddag reiste ein sliten men godt fornøgd gjeng med 4H-arar heim. Mange gode venner har kosa seg ilag, og nye vennskap har utvikla seg etter å ha deltatt på «sommarens vakraste eventyr».

 

IMG_1113_690x460.jpg

Fellesbilde.

IMG_1056_690x460.jpg

Freidig 4H, vinnarane av junior/senior klassa i volleyball.

IMG_1052_690x460.jpg

Freidig 4H, vinnarane av tautrekking.

IMG_1043_690x460.jpg

Freidig 4H, vinnarane av aspirantklassa i volleyball.

IMG_0922_690x1035.jpg

Frå vikingaktiviteten.

IMG_1009_690x460.jpg

Frå gardsbesøk.

IMG_0867_690x518.jpg

Frå retropartyet (Straumen 4H frå Sykkylven).

 

Tekst og bilder: May Britt Skjortnes.