Tog i Skogvegen ingress

17. maitog i Skogvegen

I mangel på offisielt tog i Surnadal, tok Skogvegen Velforening i Grytå saka i eigne hender. Med korpsmusikk på høgtalar, flagg og fane var 17. maistemninga berga. Fanen er den einaste i sitt slag, laga i tidlege morgontimar på najonaldagen.

 

-Det er ingen som har likens, det er i alle fall, sikkert, ler Tore Korsnes, leiar i velforeninga og fanelagar. Dei begynte å mase på meg i femtida i dag tidleg om at det skulle vore fane, så eg måtte til pers.

Korsnes har tydelegvis gitt opp skisesongen for denne gong. I alle fall har han ofra eit par ski til fanebruk. Fanen er merka med Skogvegen, så det er igjen tvil om kor den høyrer til. Toget går ned vegen frå slalombakken, ein runde rundt Skogvegen, før det er attende i Slalombakken.

Veret må vel siast å væra godt etter standarden vi er vande med i vår. Det vil seia at det kom ikkje snø, bære nokre får regndråpar. Sjølvaste sola titta fram som snarast og, men skuda seg å gøyme seg bak skyene igjen. Ho var visst ikkje interessert i å vere med på Skogvegtog, det var imidlertid dei rundt 40 som hadde meldte seg på. Det var nødvendig med påmelding, da dei måtte sørge for at ikke meir enn 50 personar var samla, i tråd med restiksjonane ein må halde seg til for tida.

Det er for det meste barnefamiliar som har møtt opp.

- Det er først og fremst for ungane vi gjer dette, og det er godt oppmøte, sier Tore Korsnes.

Val av fottøy måtte nødvendigvis bli litt utradisjonelt i år. Finsskoa er bytta ut med støvler, vintersko og fjellsko. Monika Garte og Malin Hoem hadde imidlertid teke fram finstasen, og sørga for eit ekstra innslag av 17. maistemning i flotte bunadar.

Tilskodarar høyrer med, og ved innkjøringa til slalombakken finn vi Kathrine Langholm Solem. Ho har barnebarn som er med i toget.

-Noen må vere tilskodar og, smiler ho. Eg er veldig glad for dette initiativet. Barnebarna har gledd seg veldig til 17. mai, og no vart det tog likevel.

Tog i Skogvegen 1.jpg
Leiar i Skogvegen Velforening Tore Korsnes med rykande fersk fane, produsert tidleg på morgonen 17. mai

Tog i Skogvegen 3.jpg
Ein må kle seg etter veret. Finskorne vart att heime.

Monika Garte og Malin Hoem_690x920.jpg
Monika Garte og Malin Hoem i flotte bunadar

Kathrine Langholm Solheim.jpg

-Nokon må vere tilskodar og, seier Kathrine Langholm Solheim 


Tekst og foto: Gunnhild Anne Hyldbakk