Møre og Romsdal 4H melder:

100 4H-are kursa seg i styreverv

100 4H-arar med ulike verv frå 4H-klubbane i fylket var i helga samla på Skjevika barne- og ungdomsskule. 30 stykke måtte dessverre melde avbod pga «Tor». Helga gjekk med til å lære om sine styreverv, samarbeid og om korleis gjennomføre eit arrangement.

Røsslyngen 4H i Bøfjorden hadde 7 deltakarar på dette kurset.

Deltakarane var mellom 10 og 18 år. Alle som deltok har verv i sine lokale klubbar. Dei vart delt inn etter kva verv dei innehar. Og blei kursa i korleis dei kan gjer ein best mogleg jobb innafor sitt verv.

I løpet av helga lærte dei nye ting om vervet sitt, og fekk i praksis øve på korleis det er å vere leiar, nestleiar, sekretær, kasserar eller styremedlem. På denne måten lærer dei seg organisasjonsarbeid og korleis dei skal drifte klubben. Dette er og viktig lærdom å ta med seg vidare i livet.

Det tekniske ansvaret med mat og hus var det Klurtolla 4H(frå Istad) som sto for. Dette løyste dei på ein framifrå måte. Her var det mange på dugnad i løpet av helga.

Instruktørane på kursa er 4H-arar som sjølv tidlegare har hatt verv i klubbane sine. Dei har blitt kursa frå nasjonalt hald for å vere budd på dette. Og dei gjer ein strålande jobb for fylket. Dei planlegg heile helga og gjennomfører den.

IMG_1332_690x460.jpg
Det treng ikkje å ver kjedlig å lære seg kasserarbiten

IMG_1320_690x460.jpg
Sekretærane øver på å lage gode årsplanar

IMG_1356_690x460.jpg
Frå Disneyballet deltakarane var med å arrangere


Tekst/bilde: May Britt Skjortnes, dagleg leiar, 4H Møre og Romsdal