Søndag
Søndag Skyet
Skyet
Flau vind
Mandag
Mandag Skyet
11°
Skyet
Svak vind
mot til å nisse-dagen

– Vis mot og ta eigne val

Det var oppmodinga frå konferansier Maren Karlsen på slutten av dagens MOT-samlingstund då MOT til å nisse-dagen vart arrangert fredag 6. desember. Og eit variert og imponerande godt program, laga av elevane sjølve, viste at det ikkje er noko å seie verken på motet eller talentet hos ungdommen i Surnadal.

Ingressbilde: Fornøgde elevar på MOT til å nisse-dagen! Fremst er Lina Husby Nygård og Astrid Dammen Gjeldnes, som opptrådte under programmet, med "Knockin' on heaven's door".

MOT til å nisse-dagen, som vart arrangert fredag, er eit arrangement som er laga av MOT-ungdommane i Surnadal, og den siste skuletimen før helga vart fylt med colakaker og eit program beståande av både sykling på einhjulssykkel, TaeKwon-Do-oppvisning, dansenummer og bandnummer.

Colakakene var det valfaggruppa "Innsats for andre" som stod for, og dei hadde baka ikkje mindre enn 500 colakaker til utdeling i samband med MOT-samlingsstunda.

Konferansierar var MOTivatorane Mathea Polden, Maren Karlsen og Oda Bæverfjord, og dei tre leidde publikum gjennom programmet med stødige hender.

Programmet starta med at Håkon Sollid på imponerande vis sykla rundt på ein einhjulssykkel, før alle stemte i til allsong på den sterke og flotte MOT-songen til Askil Holm. Her var det tydeleg at storparten av elevane kunne både songen og teksten godt, og allsongen sette stemninga for det vidare programmet.

Bandet Echo, beståande av Johannes Bergheim, Johanne Holten, Mette Madaus, Anne Dahl og Ida Mo, framførte flotte versjonar av Britney Spears-låta "Toxic" og Rob Thomas si julelåt "A New York Christmas".

Astrid Dammen Gjeldnes og Lina Husby Nygård leverte deretter ein var og fin versjon av "Knockin' on heaven's door", før det var klart for TaeKwon-Do-oppvisning.

Aurora Dønheim Berle, Ragnhild Berg, Martin Pihl Strand, Heidi Fiske, Emil Sæterbø og Anne Eidsli Rodal gjekk mønstera Hwa-Rang og Choong-Moo, og hausta fortent stor applaus for den imponerande oppvisninga.

Rektor Bjørn Høivik og lærar Eli Vullum Kvande var neste innslag på programmet, og Vullum Kvande fortalte at dei følte at også lærarane måtte vise mot i anledning MOT til å nisse-dagen. Dei framførte ein nydeleg versjon av "E du nord" av Kari Bremnes, og viste at det musikalske nivået er høgt både hos elevar og lærarar ved Surnadal ungdomsskule.

Det er mange flinke dansarar i Surnadal, og niandeklassingane Andrea Fiske, Anja Vaag Bolme, Marianne Svinvik og Sandra Strand tok scena og publikum med storm då dei dansa til songen "Power". 

Tok publikum med storm gjorde til dei grader og bandet DeSign, med Ellen Svendsen Fiske, Mette Madaus, Anne Dahl, Johanne Holten og Ingebrigt Kvendset Bergli. Dei framførte Sia-låta "Snowman". Niandeklassingane fekk dagens største applaus, og Svendsen Fiske, som utvilsomt er eit av kommunens aller største vokalist-talent, var og med på å leie allsongen då programmet vart avslutta med "En stjerne skinner i natt".

Dermed vart årets MOT til å nisse-dag avslutta på ein flott måte, og den imponerande kvaliteten på alle nummera i programmet gjer at det lovar godt for framtida innan både TaeKwon-Do, song og musikk, dans, einhjulssykkel og til med colakakebaking i Surnadal.

78541705_2156269581336639_3437446787244228608_n.jpg
Kantina ved Surnadal ungdomsskule var stappfull under fredagens MOT-samlingsstund.

79495792_1408428299339223_1101018980908269568_n.jpg
Konferansierane Oda Bæverfjord (t.v.), Mathea Polden og Maren Karlsen.

79098890_1421043504736821_4288670727915175936_n.jpg
Håkon Sollid på einhjulssykkel. 

78594357_589319825138820_8898496759215423488_n.jpg
Bandet Echo framførte "Toxic" av Britney Spears og "A New York Christmas" av Matchbox 20-vokalist Rob Thomas.

78734939_732036520624001_6983292110883520512_n.jpg
Mønsteret "Hwa-Rang"

79369518_438464647090184_4714747018575085568_n.jpg
Mønsteret "Choong-Moo"

79148297_946223565759138_6559696142362214400_n.jpg
Anja Vaag Bolme, Marianne Svinvik, Andrea Fiske og Sandra Strand dans til songen "Power".

80013446_656655011831057_682549150344019968_n.jpg
Bandet DeSign framførte låta "Snowman" av Sia.

78653789_1235514959972098_7287072605108961280_n.jpg
Klar tale!