Søndag
Søndag Delvis skyet
13°
Delvis skyet
Lett bris
Mandag
Mandag Delvis skyet
14°
Delvis skyet
Flau vind
nils håvar øyås, margrethe svinvik, guro beate gulbrandsen holten og janne husby haugen ingr

– Vi skal ha ordføraren no

Eit offensivt Surnadal Senterparti presenterte måndag partiprogrammet sitt for dei neste fire åra. Sentrumsutvikling, bustadtomter i heile kommunen, skule og beredskap står sentralt for partiet og ordførarkandidat Margrethe Svinvik.

– Vi er kry av lista vår, og tykkjer vi har fått med oss mange dyktige folk på laget. Det er eg veldig glad for, elles hadde ikkje dette gått, seier Margrethe Svinvik.

Saman med andrekandidat Nils Håvar Øyås, Janne Husby Haugen og Silje Beate Gulbrandsen Holten presenterte ho Surnadal Senterparti sitt partiprogram – som dei fire fortalte at dei er veldig godt fornøgde med.

Og målsettinga for valet om ein snau månad er klokkeklar:

– Vi skal ha ordføraren no, og vi i partiet er veldig glade for at Margrethe tok på som ordførarkandidat.

Det seier Nils Håvar Øyås, og legg til:

– No er det opp til veljarane å gje oss ein sjanse ved å stemme på Margrethe og Senterpartiet, men vi meiner vi har lykkast med å få i stand eit godt partiprogram for heile kommunen. Difor er det og mange som har lyst til å stå på lista vår.

Svinvik sjølv innrømmer at ho er spent før valet, der ho og Arbeiderparti-kandidat Annett Ranes må kunne seiast å vere dei to største favorittane til å ta over ordførarklubba etter Lilly Gunn Nyheim.

– Ein valkamp før lokalval er ein relativt gemytteleg konkurranse, men det er jo alvor og. Vi er i alle fall veldig gira på ein ny periode, og eg har veldig lyst til å vere med på å utnytte det store potensialet i surnadalssamfunnet, seier Svinvik.
 

Vil løfte sentrumsplana

Surnadal SP stiller seg bak Senterpartiet nasjonalt sin sjølvstendigheitsgaranti for kommuner, sjølv om det frå regjeringshald er varsla ein ny runde med kommunesamanslåingar.

– Vi vil fronte ein garanti om å jobbe for sjølvstende for Surnadal som eigen kommune også dei neste fire åra. Ved forslag om endring må det vere krav til folkeavstemning, som skal lyttast til, seier Svinvik.

Nils Håvard Øyås trekkjer fram eit anna viktig punkt frå det rykande ferske partiprogrammet, nemleg å løfte opp sentrumsplana.

– Næringslivet i Surnadal gjer ein kjempejobb, og det vert satsa og investert tungt. Vi har difor no det luksusproblemet at vi har netto overskot på arbeidsplassar, vi får rett og slett ikkje tak i nok folk, eller folk med kompetansen bedriftene treng, seier han, og fortsett:

– Det er ein heilt unik situasjon, og då er det viktig at styringspartiet er påskrudd. Kvar bedrifter og familiar slår seg ned handlar om attraktivitet.

Øyås meiner graden av utnytting av eksisterande næringsareal i Surnadal er for låg, og viser til reguleringsplana i miljøgata som døme på ei plan som er utdatert, og som treng revidering.

– Tilgang til tomter er og eit viktig element her. Her har vi mellom anna Øyagardslia og Gryta 2, men å lage tilgjengelege tomter og leiligheiter er ikkje berre opp til utbyggar – det må tilretteleggast frå politisk hald.  Vi vil få flest muleg inn på bustadmarknaden, seier han.

Margrethe Svinvik deler partikollegaen sitt syn.

– Dette er det som skapar arbeidsplassar, det gode samarbeidet mellom politikarar, industri og landbruk som vi har i Surnadal. Det gjer at vi får gode kommunale tilbod, så det at vi som politikarar tenker samarbeid og utvikling gjev gode ringverknader, seier ho.

Janne Husby Haugen understrekar og viktigheita av å løfte opp att sentrumsplana.

– Det å ha eit levande sentrum, og å utvikle det tilfredsstillande for alle, er utruleg viktig. Det gjeld både for dei som bur i sentrum og i grendene, seier ho, og får støtte av Øyås:

– Ja, eit sterkt sentrum og produserande grender er viktig. Det er viktig å bygge ut bustadområder i heile kommunen.

– Eg og vi har veldig stor tru på Surnadal. Det er mange som vil etablere seg her, og det er mykje positiv utvikling i kommunen. Det må vi vere flinke til å vise fram, seier Margrethe Svinvik.

Surnadal SP programpresentasjon.jpg
Nils Håvard Øyås, Margrethe Svinvik, Janne Husby Haugen og Guro Beate Gulbrandsen Holten frå Surnadal SP presenterte partiet sitt politiske program for 2019-2023 måndag.
 

Vil prioritere skule

I tillegg til sentrumsutvikling og det å gjere tomter tilgjengeleg, trekkjer dei fire senterpartistane fram skule som eit nøkkelfelt for dei også dei neste fire åra.

– Gode skular er verkeleg viktig, seier Janne Husby Haugen, og peikar på skuleprosjektet på Øye som noko som må kjapt på plass.

– Det hastar veldig.

Ho får raskt unison støtte frå Svinvik, Øyås og Holten.

– Hadde det ikkje vore for Senterpartiet hadde ikkje skuleprosjektet på Øye vore komme så langt som det er komme. Saman med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet fekk vi nyskulen med i økonomiplana for den inneverande kommunestyreperioden. Der låg den i utgangspunktet ikkje inne, seier Øyås, og slår fast:

– Vi skal bygge den skulen.

Svinvik og Haugen trekkjer og fram skulemat som eit viktig punkt.

– Vi ønskjer skulemat på alle skular. Så får vi sjå på finansieringa av det, om det på sikt kan la seg gjere å få den gratis, eller om det må vere ein eigenandel, slik at det er på dei skulane som har skulemat i dag, seier Svinvik.

Når det gjeld skulestruktur og grendaskular, er dei fire klare på at dei vil lytte til folket som bur i bygdene.

– Vi må høyre på kva bygdefolket sjølve ønskjer. God dialog og kommunikasjon blir viktig, så må vi sjå på utviklinga og prøve å legge til rette for at barnetala skal gå oppover, seier Svinvik.

– Ja, ser ein på Todalen er det no ingen hus, leiligheiter eller tomter ledig der. Vi må jobbe saman med lokalbefolkinga og legge til rette for utvikling. For oss er det vedtaket frå desember 2018 som gjeld der, seier Øyås.

Alle dei fire SP-representantane er klare på at situasjonen er avhengig av utviklinga i grendene, og at engasjementet likevel må komme frå grendene sjølve.

– Det må ligge i botnen, drivkrafta og engasjementet må komme nedanfrå, seier Husby Haugen, som legg til:

– Vi som bur i sentrum, og som no er spente på Øye-prosjektet, må forstå kva identitetsbyggjar ein skule er for samfunna i grendene.
 

Vil ha same tilboda i bygd som i by

Beredskap er det fjerde temaet som vart trukke fram under måndagens presentasjon av Surnadal SP sitt partiprogram.

Representantane rosar ambulansetenesta i Surnadal, og skulle gjerne hatt ein annan styringsmodell enn dagens helseforetak.

– Vi må kjempe for ambulansetenesta vår, og utvikle den. I tillegg vil vi jobbe for å få til slagambulanse i Surnadal. Med ein CT-skanner i ambulansen kan ein raskt avklare om hjerneslag skuldast blodpropp eller hjerneblødning, noko som har alt å seie for kva behandling ein skal sette i gang med, seier Svinvik, og fortsett:

– Så langt er det dessverre stort sett byar som er med på dette forskingsprosjektet, men det er jo endå viktigare her, med lang avstand til sjukehus. Kvar er logikken i at slike tilbod bortimot berre blir bruka hos dei som allereie har kort veg til behandling frå før? Eg skulle verkeleg likt å få tak i dei som sitt og klekker ut slike «gode» planar, altså, ler Svinvik, tydeleg engasjert.

– Vi meiner at vi skal få til dei same gode tilboda på bygdene som i byar, seier Silje Beate Gulbrandsen Holten.

Nils Håvard Øyås understrekar viktigheita av å oppretthalde kompetansen i det frivillige brannvesenet i Surnadal.

– Dei gjer ein kjempeinnsats, og deira kompetanse sprer tryggleik i heile kommunen. Vi vil vere ein garantist på at det skal bestå som i dag, samtidig som vi skal utvikle den brannstasjonen vi har, seier han.

Å behalde lensmannskontoret i Surnadal er og av høg prioritert for Surnadal SP, fortel Svinvik, Øyås, Haugen og Holten.

– Både med lensmannskontoret og det at vi kan utstede pass har vi fått god drahjelp av Jenny Klinge, og det viser at det er ein fordel å ha slike folk med på laget, seier Svinvik, og legg til:

– Dette er tenester det er viktig å ha nære der vi bur, og sjølv om det er mykje fokus på nettkriminalitet og opprusting av politi i byane, bør ikkje det gå utover den lokale beredskapen.
 

– Krevande økonomisk situasjon

Den utfordrande kommuneøkonomien i Surnadal har fått mykje merksemd den siste tida, og SP-listekandidatane er førebudde på at det kan bli ein del tøffe avgjerder dei komande fire åra.

– Den økonomiske situasjonen er krevande, og tøft blir det heilt sikkert. Men vi må tenke på å skape utvikling og arbeidsplassar for innbyggarane våre, samtidig som vi har kontroll på økonomien. Og det skal vi klare, men vi må vere edruelege når det kjem til drifta, seier Svinvik, og får støtte av Øyås:

– Vi har jobba knallhardt med å ha kontroll på økonomien som opposisjonsparti, og ser at det i stor grad er drifta som kostar. Så det handlar om korleis vi kan optimalisere den utan at det går på bekostning av tilbodet til innbyggjarane. Ein ting som er sikkert er at vi ikkje skal på ROBEK-lista.

Øyås har full tiltru til at Margrethe Svinvik er rett person til å løyse situasjonen.

– Margrethe er heilt rett person til oppgåva, det har ho vist gjennom både arbeid og politikk allereie.

Og Svinvik sjølv gler seg til val, og til innspurten av valkampen.

– Eg er veldig spent på valkampinnspurten, og på kva saker og spørsmål som går frå å vere nasjonale, til å verte høgaktuelle i lokalpolitikken, seier ordførarkandidaten.

Eit døme på ei slik sak er vindkraft, som så langt ikkje har vore eit veldig aktuelt tema i Surnadal.

– Senterpartiet sentralt la fram eit forslag på Stortinget i juni, der dei foreslo at alle kommuner skulle få vetorett når det gjeld utbygging av vindkraft. Forslaget vart nedstemt, men vi kan utan problem stille oss bak ønsket om vetorett dersom det skulle bli aktuelt for Surnadal, seier Svinvik.

Ho fortel at alt frå fødeavdeling og sentralisering til bustadtomter og kommunens økonomiske situasjon er tema som går att hos folk som har teke turen innom Senterpartiet sine valkamp-standar så langt.

– Det er alltid artig å treffe veljarar, og høyre kva dei er opptekne av.

margrethe svinvik vi heia på margrethe.jpg
T-skjortene med teksten "– Vi heia på Margrethe" viser tydeleg kven Surnadal SP ønskjer som ordførar etter valet i september.


Surnadal SP er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut