- Verdas finaste stilling ledig

Barna på Øye og Skei barnehage var torsdag på besøk på Surnadal vidaregåande skole. Der delte dei ut avisa «Barnas hverdagsliv» til avgangselevane, med håp om at fleire ønskjer å utdanne seg til barnehagelærar.

Prosjektet GLØD er oppretta av Kunnskapsdepartementet, og skal vere pådrivar for å styrke dei tilsette i barnehagen sin kompetanse, heve statusen for arbeid i barnehagen og auke rekrutteringa av barnehagelærarar.

Barnehagebarn frå heile Noreg delar i desse dagar ut avisa «Barnas hverdagsliv» til avgangselevar på vidaregåande skoler. Avisa beskriv korleis barnehagelærarar arbeider, og kva barna lærer i barnehagen.

Kunnskapsdepartementet har trekt ut fem barnehagar som får vere med på å teikne framsida av avisa. Øye og Skei barnehage vart ein av dei heldige, og kvart enkelt barn har teikna si personlege framside.

Torsdag 3.april var ei barnegruppe frå Øye og Skei barnehage på plass i kantina, for ei høgtideleg overrekking til avgangselevane. I tillegg var ei gruppe frå Bårdshaugen barnehage med som tilskodarar.

Etter seansen fekk dei flinke barna servert frukt i skolekantina.

Du kan lese meir om prosjektet, og lese heile avisa her.

På bildet under ser vi Ola Holte Helgetun, Guro Brøske Nordvik og Frid Grøtan Hartveit som har fått seg avis frå Jonas Lindkvist (5) og Signe Roaldset Fiske (4).

barnehagelærar3.jpg

barnehagelærar2.jpg

barnehagelærar1.jpg

barnehagalærar4.jpg