Torshall vinter

Torshall BA melder:

-Tusen takk!

Vil på vegne av Torshall BA retta ein stor takk til både publikum og utøvarar som deltok på torsdagens hyggekveld. Men den største takken går til sanitetskvinnene som «ståka» på kjøkenet. Å laga kveldsmat til 125 personar er ikkje gjort i ei handvending!

Dei stiller opp når vi spør dei, og dei leverer varene til gangs! Utan dykkar hjelp hadde ikkje eit slik arrangement vore muleg, for det er ikkje kvar dag at absolutt alle kaffekoppane på Torshall er i bruk!

Så vona for framtida får bli at det vil vekse fram fleire gode hjelparar, som gjer det muleg å få til slike arrangement i framtida òg. Sanitetsforeninga går i alle fall framom som eit godt eksempel i så måte!

Torshall vil fortsetta med å arrangera slike hyggekveldar, og vi vonar at både publikum, utøvarar og ikkje minst gode hjelparar, stiller opp ved neste anledning òg!

 

Takksam helsing frå

Torshall BA

v/ styreleiar Karstein Mauset