ps klassequiz 3

– Trur vi gjorde det brukbart

Fredag var NRK Møre og Romsdal på besøk ved Surnadal ungdomsskule for å spele inn semifinalen i Klassequizen, der Surnadal er ein av sju skular som kjempar om plass i fylkesfinalen.

Torsdag vart det klart at Surnadal ungdomsskule er ein av sju semifinalistar i Klassequizen i Møre og Romsdal, og allereie fredag var laget i aksjon igjen.

Og innspelinga gjekk ikkje for seg kvar som helst: rektor Bjørn Høivik sitt kontor var nemleg arena for surnadalingane sin semifinale.

Quizmaster Roar Halten frå NRK Møre og Romsdal sitt kontor i Kristiansund var på plass for å spele inn sendinga, som vert sendt på radio torsdag 28. februar.


Trivst med quiz

På Surnadal sitt lag i Klassequizen deltek Amund Pihl Strand, Synnøve Aukan Meisingset og Erik Kårvatn, men fredag deltok Magnus Sæter som erstattar for ein sjuk Kårvatn.

Kven av 10. klassingane som skulle representere skulen vart avgjort etter ein quiz laga av lærarane Eli Vullum Kvande og Torgeir Kvendset. Alle som ønska det fekk sjansen til å svare på dei bortimot 50 spørsmåla, og om lag halvparten av elevane i kullet valte å delta.

Etter semifinalen kom Pihl Strand, Meisingset og Sæter med eit klart og samstemt «Ja!» på spørsmål om dei tykte det er artig å delta i Klassequizen.

Trioen fortel at dei alle likar godt å halde på med quiz, og at dei ikkje har førebudd seg spesielt før semifinalen.

– Quiz er litt slik at det ein veit det veit ein, så det gjeld berre å prøve å snappe opp det ein kan heile tida, seier Amund Pihl Strand, og får støtte av Meisingset:

– Det er ikkje så mykje vits i å øve noko særleg, sidan vi ikkje veit kategoriane på førehand.


Resultatet klart neste veke

Magnus Sæter, som kom inn som stand-in, og som dermed ikkje var med i den innleiande runden, tykte det var artig å få sjansen i semifinalen.

– Det var veldig artig, og eg føler ikkje at vi dumma oss ut, seier han.

Pihl Strand deler Sæter si oppfatning.

– Vi trur vi gjorde det brukbart, seier han, vel vitande om at dei ikkje får resultatet før i slutten av netse veke.

I tillegg til Surnadal er Halsa, Nordlandet, Atlanten, Eide, Eidsvåg og Vatne i semifinalen i Møre og Romsdal, og fire av skulane skal vidare til fylkesfinale 13. og 14. mars.

Både den innleiande runden og semifinalen i Klassequizen inneheld fire kategoriar, med tre spørsmål i kvar. Alle dei sju semifinalistane hadde 10 av 12 mulege poeng i den innleiande runden.


– Surnadal gjorde det bra

Quizmaster Halten kan naturlegvis ikkje avsløre resultata, i og med at semifinalane til ein og ein skule skal sendast dag for dag neste veke.

– Det vi likevel kan seie er at Surnadal gjorde det bra, men vi er ikkje ferdig med innspelinga av semifinalane, så det er for tidleg å seie noko om resultata totalt.

Halten fortel at Klassequizen i år er noko vanskelegare enn tidlegare år, og at spørsmåla no er meir reine quizspørsmål. Før var dei meir relatert direkte til pensum.

– Tidlegare opplevde vi at veldig mange skular fekk 12 av 12 rette, og det gjorde det vanskeleg for oss å differensiere. No ser vi jo at ingen i fylket hadde over 10 rette i dei innleiande rundane, seier han.

Programledaren i NRK Møre og Romsdal fortel at han på generelt grunnlag er mektig imponert over kunnskapsnivået til deltakarane i Klassequizen.

– Eg trudde eg hadde brukbar allmennkunnskap, men eg ser at ungdommane som er med i Klassequizen grusar meg, seier han, og skryt ekstra av nordmøringane.

– Som nordmørsquizmaster tykkjer eg det er kjempeartig at fem av sju semifinalistar frå fylket er frå Nordmøre. Det seier nok litt om kunnskapsnivået i fylket, om kven som er smartast, seier Halten, og ler godt.
 

ps klassequiz 1.jpg
Amund Pihl Strand, Synnøve Aukan Meisingset og Magnus Sæter klare for semifinale, saman med quizmaster Roar Halten frå NRK Møre og Romsdal.