kjetil halle, kristina svinvik, gøril berntsen, karin norli, eldar rønning ps

– Trur og håpar dette er liv laga

På seinsommaren åpnar Kristina og Tore Svinvik ny restaurant i fjøset på Svinvik Gard. Ein sterk første haust i leigde lokaler gjer at dei ser optimistisk på mulegheitene framover.

Ingressfoto: Kjetil Halle (El-Watch), Kristina Svinvik (Svinvik Gard), Gøril Berntsen, Karin Norli og Eldar Rønning (alle Sparebank 1 SMN) under næringslivsfrukosten torsdag.

I september 2018 hadde firmaet Svinvik Gard sine første gjestar på besøk. I påvente av oppussing av sjølve Svinvik Gard, inviterer dei så langt alle gjestane sine til Slettneset.

Der leiger Kristina og Tore Svinvik lokaler av Karin Åsbø og Nils Håvard Øyås, som driv Slettneset steinovnsbakeri.

– Hausten var veldig positiv, og vi har fått utruleg gode tilbakemeldingar. Det gjer at vi trur og håpar at dette restaurantkonseptet, og Svinvik Gard og Svinvika som destinasjon, er liv laga, seier Kristina Svinvik.

Ho trekkjer samtidig fram Todalsfjordprosjektet som ein potensiell trussel for satsinga deira.

– Vi er naturleg nok veldig opptekne av at Svinvika skal vere like idyllisk i framtida som no.
 

Følgde draumen

Under Sparbank 1 SMN Surnadal sin næringslivsfrukost torsdag, fortalte ho at valet stod mellom det å skape noko nytt og meir tradisjonell gardsdrift då ektemannen Tore tok over Svinvik Gard i 2015.

– Dette var noko vi sjølvsagt tenkte mykje på, men til slutt valte vi å følgje draumen, og bestemt oss for å gjere fjøset om til restaurant.

Den nye restauranten skal åpne på seinsommaren i år, og kan romme opp til 30 personar per kveld, mot 20 i lokala på Slettneset. Der skal dei ha åpent måndag til laurdag, og Kristina fortel at bestillingar må gjerast på førehand.

 – Det handlar rett og slett om at planlegginga og førebuinga vår startar to dagar før gjestane kjem. Ting skal gjerast skikkeleg, seier ho.

Svinvik Gard er opptekne av kortreist mat, og har etablert gode samarbeid med både fiskarar og jegerar, i tillegg til andre bedrifter og institusjonar.

– Nøkkelen i konseptet vårt er gode, lokale råvarer, så slike samarbeid er viktig for oss, seier Kristina, og trekkjer fram eplejuice frå epler i Svinviks Arboret som døme på eit ekstremt kortreist produkt på menyen deira.


Brimi er mentor

Kristina Svinvik kjem opprinneleg frå Lierne i Nord-Trøndelag, og kom flyttande til Surnadal på grunn av jobb som kokk ved Thon Hotel Surnadal.

Tidlegare hadde ho jobba tre år for Arne Brimi, som framleis fungerer som ein mentor for henne, og i utgangspunktet var ho klar på at ho ikkje skulle bli verande i bygda.

– Det var før eg møtte Tore. Og no, ein ektemann og to barn seinare, er eg veldig glad for at det vart Surnadal på meg, smilar Kristina.


Grunn til positivitet

Fleire av Sparebank 1 SMN sine tilsette heldt og presentasjonar for dei frammøtte i Horisonten restaurant torsdag. Først ut var Gøril Berntsen, som ønska velkommen og fungerte som konferansier.

Deretter gjekk ordet til Karin Norli, banksjef for næringsliv, som fortalte om banken sitt konjunkturbarometer, med trendar både etter geografisk inndeling og etter ulike bransjar i næringslivet.

Basert på 2017-tal fortalte Norli om stabilitet sør i Trøndelag og ei positiv utvikling på Nordmøre.

Tala viste 359 verksemder i Surnadal, med Pipelife Norge, Talgø MøreTre og Midt-Norsk Olje som dei tre største. Desse tre var og inne på 2017-topplista for Møre og Romsdal, målt i omsetning.

– Surnadal har stort mangfald i næringslivet sitt, og det er veldig positivt for kommunen. Utan tvil, seier Norli.

I Rindal var det i 2017 76 verksemder, opp frå 73 året før. Vibo Entreprenør hadde størst omsetning av dei, med Rindalslist, Rindalshytter og RBL på dei neste plassane.

– Også i Rindal er det grunn til positivitet. Både talet på nyetablerte selskap, det totale talet på selskap og omsetninga hos dei 10 største selskapa i Rindal, har gått opp frå 2016 til 2017, viste Norli til.


Positive framtidsutsikter, trass fleire konkursar

Norli fortalte at det i Møre og Romsdal var ein auke i talet på konkursar mellom desse åra, og at dette i all hovudsak har skjedd i bygg- og anleggsbransjen.

– Det er ein bransje med mange aktørar, låg inngangsterskel og knalltøff konkurranse, fortalte Norli.

Banksjefen presenterte resultata frå Sparebank 1 SMN si undersøking blant bedriftsleiarar, som har svara på spørsmål om sysselsetting, omsetning og lønnsomheit.

– Resultata viser at vi faktisk må tilbake til 2012 for å finne sist framtidsutsiktene i næringslivet var like positive på desse tre områda, dersom vi skal tru bedriftsleiarane, seier Norli.


– Dyrk det du er god til

Eldar Rønning er for dei fleste mest kjend som ein merittert skiløpar frå Skogn. Etter 14 år på landslaget har han no vore tilsett i Sparebank 1 SMN i snart tre år.

Torsdag snakka han om prestasjonskultur i arbeid og idrett, og drog parallellar frå sin eigen idrettskarriere til arbeidslivet.

Privatøkonomen understreka mellom anna viktigheita av full innsats og det å fokusere på kvar enkelt sine positive eigenskapar.

– Skal du få til noko, må du gjere ein skikkeleg innsats. Det gjeld både innan idrett og næringsliv. Og så er det slik at folk gjerne tenker meir på det ein ikkje får til, enn det ein er god til, seier Rønning, og fortsett:

– Alle har ulike eigenskapar, så dyrk det du er god til, og vêr stolt av at du er god i det. Framsnakk både deg sjølv, dei rundt deg og heimplassen din.


Svinvik Gard er medlem av Trollheimsporten.