Team Mons_1024x1060

- Team Mons - den gladaste og gauaste gjengen

Det sa stortingsrepresentant Else-May Botten da ho i dag var med og blåste i gang valgkampen for Surnadal Arbeiderparti. Den åpna med eit brak med stand ved Domus. Der møtte Ap-politikarane i Surnadal med eit spennende utgangspunkt: Gjenvalg av Mons Otnes som ordførar og ny stø kurs med Team Mons. Samtidig var Else-May Botten på fleire bedriftsbesøk, blant anna hos Mattilsynet, IT Partner og Svorka i dag.

Fra venstre Else-May Botten, Lilly Gunn Nyheim, Ida Andrine Heggset og Mons Otnes ved standen til Surnadal Ap i dag.

- Eg er her i dag for å backe litt opp Team Mons - og det er den gladaste og gauaste gjengen, så eg skjønar ikkje kvifor han ikkje skal fortsette som ordførar, sa ein smilande blid stortingsrepresentant, Else-May Botten, ved standen til Surnadal Arbeideparti ved Domus i dag. Med det starta Surnadal Ap valgkampen og benytta samtidig anledningen til å vise fram Surnadal til Else-May, som ikkje var ukjent i bygda frå før, halsalending som ho opprinneleg er.

Til høyre Else-May Botten hos IT Partner og Roald Boge. Til venstre hos Mattilsynet og Oddbjørn Heggem.

Bedriftsbesøk og Surnadal
For Else-May Botten starta det hos Vårsøg Hotell i dag etter invitasjon frå Bergsvein Brøske, der ho var gjest med forventningar i eit lite spel med dei ansatte. Deretter gjekk turen til Mattilsynet ved Oddbjørn Heggem, Svorka Energi ved Bård Andreassen og IT Partner ved Roald Boge. - Det er viktig med statlege arbeidsplassar og høgteknologiske bedrifter i distrikta. Det vil være med på å lokke ungdom tilbake til bygda og få dei til å etablere seg på heimplassen, sa Else-Mai Botten, som nyleg har tatt jegerprøven og skulle til Bæverdalen og skyte opp i kveld. - I høst skal det bli storviltjakt, smilte ho.

Samtidig støtta ho fullt opp om lærlingesaka til Ida Andrine Heggset, som vil legge langt betre tirette for lærlingar i Surnadal enn tilfellet er i dag. Den saka vil Trollheimsporten komme tilbake til i eit lengre intervju med Ida Andrine i morgon. Følg med!

- Viktig at Ap får fortsette jobben
- Det er viktig at Ap får fortsette den jobben som nå er starta med Mons Otnes som ordførar, sa Else-May Botten til Trollheimsporten i dag. - Det gjeld både for ungdom, eldre, næringsliv og elva Surna. Ap-politikk trengs lokalt og i Surnadal. Det er avgjerande for vegar og omsorgsplassar, sa ho og la til at med Ap blir det skapt fleire arbeidsplassar.

Til venstre Team Mons med Lilly Gunn Nyheim og Ida Andrine Heggset. Til høyre - mye folk innom standen til surnadal Ap ved Domus.

I dag traff Surnadal Arbeiderparti, med mange av listekandidatane i spissen, folket i Sunadal utafor Vinmonopolet og Domus. Fylkestingsrepresentant og varaordførarkandidat Lilly Gunn Nyheim er ikkje like blid på korleis andre politiske parti, særleg Sp, har starta valgkampen.

Mangel på respekt
- Eg lika ikkje at det vart starta før minnemarkeringane etter terroren ved regjeringskvartalet og Utøya var over søndag. Samtidig registrerer eg at Hanne Tove Nerbu Baalsrud i Rindal i eit svært krast innlegg, både på Trollheimsporten og i Driva, ikkje framhevar eigen politikk, som alle har vore enige om skal vera trenden i årets valgkamp, men berre hakkar på Ap. Det mislikar eg sterkt. Utidig! seier Lilly Gunn Nyheim, som er andrekandidat på kommunevalglista til Surnadal Ap og på sikker plass til fylkestingsvalget for Ap.

Surnadal Ap er medlem av Trollheimsporten. Bli medlem - klikk her. Alle medlemmer her.

Surnadal Arbeiderparti har eit omfattande valgprogram og under kan du lese heile dette ved å klikke på sidene, sjå det større og i serie:

 

 

1
Første og siste side i valgpogrammet 2011-2015.
midtsidene0001_1024x682
Midtsidene med listekandidatene.
side 2 og 30001_1024x704
Helse og omsorg - skule og utdanning.
side 4 og 50001_1024x694
Arbeid og næringsliv - kultur - kyrkje - fritid.
side 8 og 90003_1024x714
Miljø og natur - samferdsel og kommunikasjon.
side 10 og 110001_1024x698
Ungdom - Å bo i Surnadal kommune.