IMGP3257

Kulturvøkku 2020

- Slik har eg aldri høyrt den før

Perikom er eit band med rutinerte musikarar som kjenner kvarandre godt. Da er ikkje kommentaren ovafor frå Karstein Mauset etter eit av numra negativ. Den viser berre kvaliteten til musikarane.

IMGP3261.JPG

Perikom hadde konsert i Torshall første laurdagen i Kultuvøkku 2020. Det flotte sommarveret gjorde nok sitt til at publikumstalet var godt innafor koronagrensene.

Stemninga var fin i salen og Karstein Mauset hadde god kontakt med publikum. Når den kjente visa «Kvalross på land» vart annonsert, kom kommentaren frå bakerste bordet:

Ja, (applaus) – det e oss!

IMGP3251.JPG
Karstein er god på pauseprat, og dei kjente låtene førte til ørlite allsong frå publikum.

Vi fekk også smake på nye låter som kjem på plate om nokre månader.

«Fredlaus» til tekst av Astrid Krogh Halse og «Visdom» av Jørgen Gravvold er viser som lovar godt for ei ny plate frå Perikom.

Perikom består av:

Karstein Mauset 1_690x1033.jpg
Karstein Mauset, sang og gitar
Jo Ranheim.JPG
Jo Ranheim, gitar, sang
Ronny Kjøsen.JPG
Ronny Kjøsen, trekkspel og andre tangenter
Olav Nergård Tørset.JPG
Olav Nergård Tørset, slagverk

Perikom er medlem av Trollheimsporten.