tommy2 ps 690

Skriv om ladyar og lakselordar:

– Skulle vore gjort for hundre år sidan

Ladyar og lakselordar i lokalområdet vårt er tema for Tommy Fossum si nye bok, som han presenterte på Surnadal kulturhus onsdag. Nestu Harang, Fleetwood Sandeman og Musters-familien spelar alle store roller i boka.

– Prosjektet starta rett og slett av rein irritasjon fordi ingen andre har samla denne delen av lokalhistoria tidlegare. Dette arbeidet skulle vore gjort for hundre år sidan, slår Tommy Fossum fast, med eit smil.

Sunndalingen har i fleire år jobba med boka «Våre ladyer og lakselorder», som kom til salgs måndag denne veka. Onsdag var Fossum på plass i Kammerset for å halde tema på vekas onsdagstreff.

Ei lydhør forsamling lytta interessert til forfattaren, då han gjekk gjennom det som må kunne seiast å vere ein viktig del av lokalhistoria i Surnadal. Britiske laksefiskarar, som i all hovudsak tilhøyrte overklassa, kom for å prøve lykka i elvene, og sette sine tydelege spor på Nordmøre.

Interessant historie

– Nestu Harang i Øvre Surnadal har ei veldig interessant historie. Her er namna på høgståande britar som har budd der brent inn i veggen, og både i taket og på veggane av den såkalla «Engelskstua» finn ein store mengder fiskeutstyr, kunne Fossum fortelje tilhøyrarane.

Kaptein George Eden Jarvis kjøpte både Nestu Harang og lange fiskestrekk i Surna allereie i 1866, før han i 1884 selde garden til svigersonen sin, A.M.W. Whitmore. Prisen var på 6000 kroner, og Whitmore hadde garden fram til 1923. Klepparen Peder Røv, kalla «Gammel-Pe», var ein av britane sine viktigaste hjelparar på Nestu Harang under engelsktida der.

Bygde Todalshytta

Ethelbert Edward Lort Phillips har og sett klare spor etter seg på våre trakter.

– Phillips har lagt igjen enorme mengder minner i form av bygningar og utvikling av elver i nærområdet vårt, fortel Fossum.

Lorden bygde mellom anna «Phillips House», Todalshytta, i Todalen i 1899.

Forfattar Fossum fortel at det ikkje var berre mennene som var ivrige fiskarar på denne tida – det var heilt vanleg at og kvinnene fiska. Mellom anna var Louisa Lort Phillips, kona til lorden, kjend som ein ivrig fiskar.

– Eit fenomen

Fleetwood Sandeman og Patrick Musters er kjende namn i Surnadal, og begge er godt omtala i Fossum si bok.

– Sandeman, som heldt til på Gulla Gaard, var den største eksentrikaren av dei alle, og er ein av dei som har fascinert meg mest under arbeidet med boka. Luksusen der stod i sterk kontrast til livet bygdafolket elles levde, seier Fossum.

Når det gjeld Musters er Patrick sin yngste son, Jim, den i familien Fossum trekkjer mest fram.

– Han var med på å etablere Kompani Linge, og vert av krigshistorikar Ragnar Ulstein skildra som eit fenomen. Innsatsen hans under krigen har nok ikkje komme godt nok fram tidlegare, fortalte forfattaren.

Boka «Våre ladyer og lakselorder» er i sal no, og kan i Surnadal kjøpast hos Notabene og Matkroken.

tommy3 ps 690.jpg
Tommy Fossum gjesta Surnadal kulturhus onsdag, for å snakke om den nye boka si, "Våre ladyer og lakselorder". Den tek mellom anna for seg dei britiske lakselordane som kom til Surnadal.

tommy fossum hos lort phillips foto privat.jpg
Tommy Fossum på besøk hos Lort Phillips-familien i Wales. (Foto: Privat)

lort phillips grav foto tommy fossum.jpg
Grava til Ethelbert Edward Lort Phillips. (Foto: Tommy Fossum)

jarlen av leicester foto tommy fossum.jpg
"Green bedroom" hos Jarlen av Leicester viser litt kva samfunnslag og velstand ladyane og lakselordane kom frå. (Foto: Tommy Fossum).