IMGP3886

- Sildbaill e kjøle godt

Den einaste Sildballfestivalen i verda går av stabelen i Rindal i dag, og i Rindalshuset er det duka for sildball med variert tilbehør. Folket strømmer til både frå Rindal og nabobygdene!

IMGP3885.JPG
IMGP3875.JPG
Det fyltes fort opp på parkeringsplassen utafor Rindalshuset, og inne stod folk i kø for å få seg eit skikkeleg sildballmåltid. Mange var nok vant med sildball frå før, andre var på forsøksstadiet, og for somme var dette ein årleg seanse i dei elleve åra sildballfestivalen har eksistert.

IMGP3887.JPG
Sildballfestgeneral Oddbjørn Heggem har all grunn til å vere fornøgd med dagen. Det vart servert rekordstort antal sildballporsjonar - heile 455 porsjonar!

IMGP3868.JPG

IMGP3871.JPG

IMGP3878.JPG

Her har rindalingar fått besøk frå Sunndalen på balldag. Tilsaman har dei over 400 hundre års erfaring med sildball, seier Per. Frå venstre: Ragna Aune, Inger Aune, Per Utne, Sigrun Utne og Magnhild Furu.

IMGP3881.JPG

Ved eit mannfolkbord fann vi Rune Løfald, Jon Fredrik Løfald, Anders Løfald, Jon Inge Kvam og Guttorm Løfald – alle klar til å forsyne seg av den første porsjonen med sildball, for det var sjølvsagt høve till påfyll!

IMGP3882.JPG
Den yngste sildballhelten da Trollheimsporten var innom, var Jenny Grøtan, som sette stor pris på sildball, medan søskenbarnet, Oliver Selli Elshaug (nedafor), satsa på gele og vaniljesaus.

IMGP3884.JPG