Ormset YouTube

- Politiet skal vere nær folk!

Under Senterpartiet sitt landsmøte i helga heldt Sondre Ormset, leiar i Møre og Romsdal Senterungdom, eit innlegg i generaldebatten med tema politireformen. Her kan du lese Ormset sitt innlegg og sjå innlegget frå opptak.

"Eg er ungdom. Kanskje ikkje om du spør mor mi, vi tok nemleg ein test på Facebook og fann ut at hennar mentale alder var 28. Min var 48...

Det som likevel er eit faktum er at min fysiske alder er 21. Det vil seie at eg må leve med dei reformene regjeringa no driv fram.

 

Og ei av dei mest omfattande av desse reformene er politireforma. Etter 22. Juli såg ein att noko måtte gjerast. Då 22. Juli-kommisjonen la fram sin rapport var ikkje for mange politidistrikt og for mange lensmannskontor problema dei peika på. Dei viktigaste problema var leiing og kultur.

 

Om ein skal ha eit nærpoliti, som regjeringa så fint kallar det, kan ein ikkje leggje ned lensmannskontor over heile landet. Det blir ikkje meir nærpoliti av det. Ein kilometer er alltid ein kilometer. Og i beredskapsomsyn er avstandar og ikkje minst tid, viktig!

 

Ta til dømes lensmannskontoret i heimkommunen min, Surnadal. Til somme tider har dei vakt for kommunane Surnadal, Rindal, Halsa, Aure og Smøla. Det er eit samla areal på 3224 kvadratkilometer, 7 gongar arealet av Oslo! I verste fall kan den eine patrulja som har vakt vere i Lommundalen i Rindal samtidig med at noko skjer på Smøla. Mellom dei plassane er det 4 timar, og det forutsett at ein treffer perfekt på begge ferjene. Som ikkje eingong går heile døgnet.

 

Vi i Senterpartiet meiner at vi ikkje har råd til å byggje ned politiet i heile landet meir. Vi bør derfor ga for fylkesvise politidistrikt og lensmannskontor med godt innhald for beredskap i heile landet. Vi vil ikkje berre legge klattar med smør på brødskiva, men vi vil smøre tjukt på over det heile. Politiet skal vere nær folk!"

 

Her kan du lese Senterpartiets uttalelse, på Sps egne nettsider.

 

 

Foto: skjermdump fra YouTube.