IMG_6628 ps

– Påmeldingane til næringslivsdagen strøymer på

6. mars er det klart for 2019-utgåva av Surnadal Sparebanks næringslivsdag, og arrangøren melder at dei er i rute. – Vi er langt over hundre påmeldte allereie, og alle foredragshaldarane gler seg til å komme til bygda. Vi får høyre eit stjernelag i toppslag, seier marknadssjef Liv Dalsegg.

Biletet over: Bedriftsavdelinga i Surnadal Sparebank kan vel og hevdast å vere eit stjernelag, i alle fall når det kjem til å arrangere næringslivsdag. Frå venstre: Steinar Aasbø, Liv Dalsegg, Ole Magnus Løwe, Kathrine Mauset, Espen Lund, Anne Saltrø Polden og Allan Troelsen.

 – Har du tenkt deg på næringslivsdag og ikkje meldt deg på, er det lurt å gjere det snarast råd. All informasjon og lenke til påmelding ligg på heimesidene våre, bank.no, fortel marknadssjef Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.

– Vi har fått samla eit kjempesterkt lag. Her ville det vore utruleg vanskeleg å velje seg ut berre ein foredragshaldar dersom ein måtte. Vi gler oss veldig, og har stor tru på at dette blir veldig bra, seier marknadssjefen.

Laget ho omtalar er foredragshaldarane som blir å sjå og høyre under Surnadal Sparebanks næringslivsdag 6. mars.

I tillegg til konferansier Bente Krangnes Edvardsen og banksjef Allan Troelsen, som er sterke namn i seg sjølv, kjem sjeføkonom Jan L. Andreassen i Eika, Eva Husby frå Føniks vask og rens, Claus Sonberg frå Zynk, Julie Brodtkorb frå Maskinentreprenørenes forbund, Eirik Sevaldsen frå Lofthus samvirkelag, Robert Mood frå Røde Kors og Roger Finjord, tidlegare kvinnelandslagssjef i fotball.

Lokale aktørar er viktig

Eva Husby frå Føniks vask og rens er Surnadal sin representant i år. Banksjef Troelsen og marknadssjef Dalsegg tykkjer det er stor stas at gründerar frå bygda tek utfordringa på strak arm og presenterer bedriftene sine under næringslivsdagen.

– Det er viktig for oss å ha med det lokale næringslivet når vi arrangerer denne konferansen. Vi ser av evalueringa at det alltid er populære innslag blant publikum og, seier Troelsen.

– Eva har gjort ein kjempejobb med bedrifta, så vi er veldig glade for at ho kjem og snakkar til oss.

Også Eirik Sevaldsen kan seiast å vere relativt lokal, i og med at han kjem frå Frei. Sevaldsen er gründeren bak Lofthus samvirkelag i Oslo, som har vorte kåra til Noregs beste pizzarestaurant. Han har og skrive fleire kokebøker.

Jan L. Andreassen i Eika kan ikkje seiast å vere ein lokal aktør, men i og med at sjeføkonomen har vore fast innslag under næringslivsdagen dei ti siste åra, må han i det minste kunne kallast ein surnadalsvenn.

– Jan er alltid aktuell, og fengar publikum med sine utradisjonelle vinklingar og folkelege måte å presentere bodskapet på, seier Troelsen.
 

– Ein person alle kjenner til

Robert Mood er kanskje det mest kjende namnet som kjem til Surnadal for å halde foredrag under næringslivsdagen.

Mood er president i Norges Røde Kors, og har ein lang karriere i hæren bak seg.

– Han har vore øvstkommanderande i den norske hæren og jobba tett opp mot FN-generalsekretærane Ban Ki-moon og Kofi Annan. Han har skrive bok om leiarskap, og har heilt sikkert mykje interessant å snakke om, seier Ole Magnus Løwe, avdelingsleiar for bedriftsmarknad i Surnadal Sparebank.

– Mood er ein person alle kjenner til, eller bør kjenne til, seier Liv Dalsegg. Ho fortel at Surnadal Røde Kors allereie har vore i kontakt med banken angåande Mood sitt besøk. Kanskje er det nærliggande å tru at presidenten tek turen innom lokallaget, når han først er i bygda?

– Det vil i så fall vere kjempeartig, det er veldig stas at vi ser positive ringverknader som følgje av opplegget rundt næringslivsdagen. Vi veit og at ein del bedrifter og organisasjoner bevisst legg møter og samlingar til Surnadal rundt næringslivsdagen, seier Dalsegg.
 

Samarbeid og fasilitetar sikrar kvalitet

Og ringverknader er ein viktig årsak til at næringslivsdagen vert arrangert, seier banksjef Troelsen.

– Vi ønskjer å sette Surnadal på kartet for næringslivet i regionen, og konferansen er god profilering både for oss og kommunen. Næringslivsdagen gjev så stor meirverdi og skapar så stor interesse at det er vel verdt jobben med å arrangere, seier han, og fortel at fleire og fleire Eika-bankar kopierer konferansekonseptet.

Troelsen, Dalsegg og Løwe er klare på at gode hjelparar og fasiliteter spelar ei stor rolle for å sikre kvaliteten på Surnadal Sparebank sin næringslivsdag. 

– Dette hadde vi ikkje klart utan gode hjelparar, som Thon Hotel Surnadal og Surnadal kulturhus, vi har eit veldig godt samarbeid. I tillegg er vi opptekne av å bruke lokale aktørar til det vi kan, og har til dømes med oss DreamFarm til å styre lyd og lys, seier Dalsegg.

– Dei fantastiske fasilitetane vi har, og kan tilby dei tilreisande, er med på å sikre at kvaliteten på konferansen blir høg. Det er ein så profesjonelt opplegg at vi opplever at mange blir overraska over kva dei faktisk kjem til, seier Troelsen.
 

– Fantastisk foredragshaldar

Julie Brodtkorb har vore ein av Erna Solberg sine næraste medarbeidarar i ei årrekkje, og har mellom anna vore stabssjef ved statministeren sitt kontor og statssekretær. No er ho direktør i Maskinentreprenørenes forbund, og leiar i Kringkastingsrådet. 

– Brodtkorb er engasjert og profilert, og vi er glade for at ho tek turen til Surnadal, seier Løwe.

Roger Finjord er mest kjend som fotballtrenar, og kjem til næringslivsdagen med foredraget "Jakten på det gode laget". Finnmarkingen var hovudtrenar for kvinnelandslaget i fotball frå 2015 til 2016, og under han tok laget 10 seirar av 14 mulege. Finjord jobbar no som dagleg leiar i Finnmark fotballkrets, og har tidlegare vore visepresident i Norges sjakkforbund. 

– Roger er rett og slett ein heilt fantastisk foredragshaldar, seier Liv Dalsegg, som fortel at Finjord får æra av å avslutte Surnadal Sparebanks næringslivsdag 2019.

Deler ut utviklingspris

Claus Sonberg, partnar i Zynk, skal og halde foredrag 6. mars. Zynk jobbar med stordataanalyse, og finn og forskar på trendar i samfunnet. Gjennom trendane ser dei nærare på korleis samfunnet kan komme til å utvikle seg på ulike område. Sonberg er også styremedlem i TV2.

– Det Sonberg snakkar om er høgaktuelt for oss alle, og han er ein dyktig og engasjerande foredragshaldar, seier Troelsen.

Tradisjonen tru vil banken og dele ut Surnadal Sparebanks Utviklingspris under næringslivsdagen. Den har vore delt ut sidan 2002, og i fjor gjekk prisen til Surnadal Alpinsenter. Banken har allereie fått inn mange forslag til kven som fortener prisen, men fortel at dei framleis tek imot fleire. 

Fristen for innsending av forslag til kven som fortener prisen, som i år vert delt ut for kalenderåret 2018, er 1. februar.
 

IMG_6620 ps.jpg
Banksjef Allan Troelsen (bak f.v.), Ole Magnus Løwe, Liv Dalsegg, Kathrine Mauset, Steinar Aasbø, Espen Lund (framme t.v.) og Anne Saltrø Polden står bak Surnadal Sparebanks næringslivsdag, som i år går av stabelen 6. mars.
 

Surnadal Sparebank er medlem av Trollheimsporten.