Lars Ove Løseth 3 081019 ps 2000px

– Målet er å vekse vidare

I løpet av litt over eitt år har Alti Forvaltning gått frå å forvalte seks kjøpesenter, til å forvalte 20. Talet på tilsette har og skote i vêret.

– Det er viktig å trekkje folk til bygda, og skape så mange arbeidsplassar i Surnadal som muleg.

Det seier Lars Ove Løseth, administrerande direktør i Alti Forvaltning.

– Saman med Olav Thon Gruppen har vi fått auka talet på arbeidsplassar i Surnadal innan kjøpesenternæringa, for i sum er vi fleire no enn før vi gjekk kvar til vårt, seier han.

Alti er no, med sine 20 kjøpesenter, Noregs tredje største kjøpesentergruppering. Dei har senter frå Svolvær i nord til Mandal i sør, og årsomsetninga på butikkane i sentra deira er på rett over 10 milliardar kroner.

Samtidig har forvaltningsselskapet Alti Forvaltning, tidlegare LL Drift, gått frå å ha tre tilsette før jul i 2017, til 30 i dag.

– Av desse sit 26 her i Surnadal, ei i Ålesund, ein i Oslo og to i Arendal, fortel Løseth, som fortel at talet tilsette er nærare 70 dersom ein reknar med dei som jobbar på sjølve kjøpesentra.

Som eit resultat av auken i talet på tilsette, dobla Alti Forvaltning nyleg kontorarealet sitt.

– Vi har tilsett mange nye i løpet av kort tid, og har i tillegg utlysingar ute etter både kontraktsforvaltar og marknadskoordinator no, seier den administrerande direktøren.

Han fortel at Alti Forvaltning gjerne ser mot den yngre generasjonen når dei no skal rekruttere nye tilsette.

– Då vi starta å tilsette folk i fjor, var fokuset vårt hovudsakeleg på å få inn folk som kunne kjøpesenterfaget, som kunne fungere frå første dag. Vi søkte og folk med erfaring, men no er vi så trygge på kompetansen vi har i selskapet, at vi ønskjer folk som kan bidra med nye tankar.

– Vi har mellom anna tilsett to dyktige medarbeidarar som kjem rett frå utdanning, utan tidlegare arbeidserfaring. Kjøpesenterbransjen er i sterk endring, med stadig meir digitalisering, samt mulegheitene og utfordringane som ligg i netthandel. Så vi er avhengige av å ha med oss den neste generasjonen, seier Løseth.

Alti-sjefen fortel at selskapet ikkje har noko talfesta mål, men at dei ønsker å fortsette utviklinga.

– Vi har naturleg nok investert mykje no i ein startfase, og vi ønskjer å bli større. Målet er å vekse vidare, slik at vi framleis skal vere ein av landets leiande aktørar innan kjøpesenter, seier Løseth.

– Kjøp av fleire senter kan vere aktuelt. I tillegg har jo Alti Forvaltning allereie i dag forvaltaransvar for enkelte senter vi ikkje eig, men driftar, og det kan og vere aktuelt å ta på seg eit slikt forvaltaransvar for fleire senter.


Alti Forvaltning er medlem av Trollheimsporten.