mona rosvold, liv dalsegg og anne saltrø polden 1500

– Landbruket i Surnadal står sterkt

Torsdag arrangerast Surnadal Sparebanks Landbrukskonferanse i Storstuå i Surnadal kulturhus. Om lag 115 deltakarar er på plass for å utveksle erfaringar og få fagleg påfyll, og primus motor Anne Saltrø Polden er klar på at programmet under landbrukskonferansen inneheld noko for alle.

Ingressfoto: Jordbrukssjef Mona Rosvold i Surnadal kommune, marknadssjef Liv Dalsegg og landbruksrådgjevar Anne Saltrø Polden i Surnadal Sparebank klare for landbrukskonferanse.
 

– Vi gler oss stort til denne dagen, og tykkjer vi har fått til eit fint og variert program. Vi er glade for å ha mykje lokalt innhald, og trur dei fleste finn noko dei tykkjer er interessant her.

Det seier Anne Saltrø Polden, landbruksrådgjevar i Surnadal Sparebank, og medlem i arbeidsgruppa for konferansen.

Landbrukskonferansen er eit samarbeidsprosjekt mellom banken, Surnadal kommune, Surnadal Bondelag og Todalen Bondelag. Arbeidsgruppa har, i tillegg til Polden, bestått av Mona Rossvold, Tore Gjul, Elin Moen Lysø, Harald Bredesen, Ståle Ansnes, Ragna Marie Mauset.

– Innlegga på programmet handlar om samfunnet vi alle lever i, så dette er høgaktuelle tema og for andre enn gardbrukarar, seier Polden, og fortel at det er stor variasjon blant dei påmeldte.

– Vi har både gardbrukarar, politikarar, landbrukssjefar frå nabokommunar, representantar frå næringslivet og interesserte privatpersonar, så det er eit stort spenn.

Ordførar i Surnadal, Margrethe Svinvik, ønska dei 115 deltakarane velkommen til Landbrukskonferansen.

– Det er ikkje vanskeleg å sjå at det lokale landbruket i Surnadal står sterkt. Det medfører tilleggsnæringar og bedrifter, som er avhengige av at det vert produsert mat i Surnadal. Vi treng mat for å leve, så enkelt er det. Gjennom mange generasjonar har vi kunna hauste av naturen, og det er mange slike kommunar i Noreg, sa Svinvik, og fortsette:

– Dette er ein styrke for landbruket vårt, fordi vi har den reinaste maten, det reinaste vatnet og den reinaste naturen. Samtidig er det ein trussel at ikkje alle ser meirverdien i måten vi driv på. Den seinare tida har det vore fokus på berekraft og kortreist mat, og i den samanheng får lokalsamfunna som er bygd opp rundt landbruket ein meirverdi.

Svinvik åtvara mot dei kreftene som ønskjer å stykke opp desse lokalsamfunna.

– Eg trur heilt og fullt på at det vil vere feil veg å gå, for fellesskapet rundt desse lokalsamfunna held oss samla. Det ser vi på festdagar, på kvardagar og når vi blir ramma av naturkatastrofar. 

Ordføraren fortalte at ho er stolt av å representere Surnadal, og var full av lovord om gardbrukarane i kommunen.

– Eg er stolt av å representere Surnadal, ei landbruksbygd med ein imponerande produksjon. På fylkesnivå er vi den fjerde største landbrukskommunen i antall bruk, og når det gjeld kornareal har vi 38 prosent av fylket sitt areal. I tillegg er vi den største skogbrukskommunen i fylket.

Ho peika på kor mange som er avhengige av matprodusentane i Surnadal.

– Vi har kjøttproduksjon som tilsvarar årsforbruket til 17 000 personar og mjølkeproduksjon som tilsvarar årsforbruket til 39 000 personar, sa Svinvik, og fleipa med at surnadalingane kanskje kunne gjere ein byttehandel med moldensarar, kristiansundarar og ålesundarar:

– Kanskje vi bør seie at dersom de får mjølk og kjøtt av oss, kan vi få behalde byggfaglinja.

Svinvik gjekk raskt frå spøk til alvor då ho avslutta innlegget sitt med å henvende seg direkte til gardbrukarane i salen.

– Ein ting kan vi, og bør vi, seie til dykk: takk for mat.

polden og svinvik.JPG
Anne Saltrø Polden og Margrethe Svinvik ønska folk velkommen til Surnadal Sparebanks landbrukskonferanse.