IMGP4765

- Kjempegodt oppmøte av russen

FAU i Midtigrenda barnehage gjentok i dag sukséen frå i fjor med besøk av den ekte russen ved Surnadal Vidaregåande skole og «dåp» av førskolegruppa. Alle fekk rosa huver med russenamn på.

- Kjempegodt oppmøte av russen, seier ledar i FAU, Marit G. Langli. Fleire russebussar kom til barnehagen etter kvart som dei fekk fri frå skolen. Det er flott at det blir gjort slik stas på dei ungane som snart er ferdig i barnehagen.

- Foreldregruppa vil takke dei for gode minne og for dei fine forbilda dei har vore for dei yngre barna i barnehagen, seier Langli.

Feiringa av Rosarussedåpen vart avslutta med is til alle.

IMGP4741.JPG
- Der kjem russebilen!

IMGP4743-001.JPG
Det var ingen tvil om anna enn at russen var velkomne til barnehagen av dei spente ungane!

IMGP4744.JPG

IMGP4745.JPG
Alle 6-åringane fint oppstilte og klare for rosarussedåp!

IMGP4748.JPG
Første 6-åring klar til å få rosa huve, diplom og ein dusj frå spayflaska!

IMGP4752_690x1032.jpg
Stolt, men mesta flaut.

IMGP4753.JPG

IMGP4757.JPG
Dåpsdusjen var spennande, men mest moro! Bra at ungane hadde regnklede på.

IMGP4762.JPG

IMGP4773.JPG
Til slutt var det ein ekstra dåpsdusj, eller to - kanskje fire - fem ...

IMGP4776.JPG

IMGP4783.JPG
Utdeling av russekort hørte også med.

IMGP4786.JPG
Og isen vart godt motteken!

IMGP4785.JPG

IMGP4787.JPG

IMGP4790.JPG
Det er ikkje berre barnehagebarn som er glade i is! Frå venstre: Mali Trønsdal Bævre, Elise Hamnes Høvik, Maren Halgunset og Ingebrigt Løfaldli.

Nå drar surnadalsrussen til Lerkendal for å sjå fotballkamp, sikkert i lag meg mange andre russ. Dei blir truleg 9 bilar frå Surnadalsrussen!
Og resultatet av kampen Rosenborg - Lillestrøm tippar dei slik:
Maren: 2-0
Elise: 1-0
Ingebrigt: 5-0
Mali: 3-1

Kvelden avsluttar dei i Sagatun frå ca kl.22.00 og utover!

Dei er faktisk litt leie for at ei fin russetid går mot slutten...
Trollheimsporten ønsker dei lykke til med eksamen!

IMGP4794.JPG
Det kom enda ein russebuss, og Bjørg Solem, Jorun Snekvik og Synne Holmvik Solem må ut med russekort.

IMGP4796.JPG

IMGP4800.JPG
Yoonsik Oh, ErikSkogheim og Trygve Folten var med i den siste russebussen som stakk bortom Midtigrenda Barnehage, og det var kø for å få russekort!