Gratulerer med dagen, særlig alle korpsmedlemmer! Foto: H.M.Nergård.
Gratulerer med dagen, særlig alle korpsmedlemmer! Foto: H.M.Nergård.
Gå til galleriet
Fredag
Fredag Regnbyger
Regnbyger
Lett bris
Lørdag
Lørdag Delvis skyet
Delvis skyet
Svak vind

- Her er Vårsøghelga sitt festivalmotiv!

Laget Vårsøg er på plass i eige kontor, og dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset kan også presentere årets Vårsøghelg-motiv, måleriet "Dagny" signert Hans Normann Dahl. Frå før er det kjent at Odd Nordstoga, M.A.G, TrondheimSolistene og Gjermund Larsen skal opptre på festivalen i juni. Arrangørane avslører no fleire musikalske godbitar, i form av operasongarane Lina Johnson og Audun Iversen.

Laget Vårsøg har festivalkontor i 3. etasje i Landbrukshuset på Skei, eit kontor som held ope onsdagar, torsdagar og fredagar fram til veka før Vårsøghelga.

- Da flyttar vi ned på Surnadal Kulturhus. Men fram til da held vi altså til i Landbrukshuset på Skei, og folk må gjerne ta turen innom med tips og idear eller kjøpe t-skjorter og få dei siste nyheitene om festivalen som går av stabelen 9.-12.juni, seier Gerd Ingrid Kvendset.

Årets plakat- og t-skjorte-motiv er det måleriet "Dagny" av Hans Normann Dahl, og motivet og fargene vil bli gjennogangstema på materialet for årets Vårsøghelg.

Arrangørane presenterer årets program bit for bit framover våren. Det er allereie klart at temaet for Vårsøghelga 2011 er "ROT", at Odd Nordstoga skal opptre på Kleivakvelden, at M.A.G og andre lokale band skal ha stor rockekonsert pinselaurdagen og at TrondheimSolistene og Gjermund Larsen er blant aktørane på avslutningskonserten.

No presenterer Vårsøghelga nye aktørar, og det er klart at det blir opera i verdsklasse i Surnadal i pinsehelga.

Audun Iversen (bilde nr. 2), høgt prisa operasongar med slekt frå Mogjerdet, skal saman med faren Knut Iversen opptre i Surna Bedehus laurdag 11. juni med songprogrammet "Som far så son".

Etter at Audun Iversen gjekk til topps i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse i 2007, vart han raskt oppdaga også utanfor landets grenser. Han har hatt tittelrolla i Eugene Onegin i København og Lille og har spela Grev Almaviva i Figaros bryllup i Berlin. I mai 2011 ventar Albert i Werther på Royal Opera House i London, og han blir også å sjå i Glyndebourne i sommar. Han har vore solist ved konsertar i m.a. Glasgow, Edinburgh, Oslo og Moskva.

Søndag 12. juni blir det musikk, portvin og laks på Gulla Gård, og ein av artistane der blir Lina Johnson, som studerer ved Operaakademiet i København og for tida har ei sentral rolle i "La Boheme".

Det er allereie no muleg å skaffe seg helgapass til Vårsøghelga 2011. Desse kan kjøpast for 750 kroner per stykk på Vårsøg Hotell.

  • Digg this
  • Delicous
  • Myspace
  • Stumbleupon
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut
E-henvendelser: redaktor@trollheimsporten.no