IMG_0261

Reisebrev frå familien Fagerholt i Lancaster, England, hausten 2011

- HAJØ, AJURAIT?

- Hajø, ajurait? Det tok nokre veker før vi fann ut at denne helsinga som alle brukar når dei møter kvarandre her i Lancaster, betyr: - Hi, how are you, are you all right? Ikkje noko How-do-you-do her nei! Denne helsinga kjenneteiknar folket er nord og måten vi har vorte tatt i mot på, venleg og lite høgtideleg.

Det er utruleg triveleg å få reisebrev frå familien Fagerholt i Lancashire, England, der dei skal vera i eit år. På Trollheimsporten finn du alle reisebreva her under På Porten på den grå menylinja, når du er på hovedsida på den raude. Du kan og klikke deg fram til reisebreva frå gamle Trollheimsporten etter årstal.

Over Arnhild og Kjetil.

Litt innleiing til dette reisebrevet er kanskje på sin plass. Frå august i haust har vi budd i den nordvest-engelske byen Lancaster, og her skal vi vere ut juni. Bakgrunnen for dette opphaldet er at som professor ved NTNU, har Kjetil moglegheit til å søke om forskingstermin, populært kalla sabbatsår. Dette inneber at han får undervisningsfri ved universitetet dette året, og kan konsentrer seg om forsking og artikkelskriving fullt og heilt. Universitetet oppfordrar til å ta dette året i utlandet, for å knytte nye kontaktar og få ny inspirasjon. Vi fann ut at dette var ein fantastisk sjanse for heile familien, og starta planlegging av utanlandsopphaldet for eit par år sidan.

Til høgre: Lancaster Castle and Priory.

Lancaster
Lancaster er hovudstaden i fylket Lancashire, og er ein fin, historisk by nær nord-vest-kysten, ein times kjøring frå Skottland. Her finn vi spor etter både romarar og vikingar, og byen var ein stor rettarstad i fleire hundre år. Det er sagt at det var berre i London fleire vart dømde til døden enn her i Lancaster. Byen hadde si største tid under slavehandelstida, da var faktisk Lancaster den fjerde største slavehandelsbyen i England! No er Lancaster ein viktig universitetsby, med to universitet, Lancaster University (der Kjetil er) og University of Cumbria. Byen er liten, med berre 50.000 innbyggarar, så det går an for rindalingar å trives her.

Og no har vi vore i Lancaster i over tre månader. Vi bur veldig sentralt, to minutt frå byen, i gangavstand til skulane til gutane og rett ved busshaldeplass til universitetet. Leiligheita vi leier er forholdsvis ny og godt isolert, så vi trur det skal gå fint å halde varmen her i vinter.

Skule
Før vi bestemte oss for å flytte hit, var vi på besøk for å finne skular til gutane. Med ein på 14 og ein på snart 10, kunne vi ikkje ha dei på same skule, for her deler dei også fysisk mellom primary school og secondary school ved 11-årsalderen. Det var lett å finne primary school til Sigurd, her fann vi fleire aktuelle, og enda opp med Christ Church of England Primary School. Som namnet seier er denne skulen knytt opp mot den lokale kyrkja. Skulen er offentleg, og det er ikkje noko foreldrebetaling, så den heilt store forskjellen er det ikkje, så vidt vi kan sjå.

Til venstre: Vi bur like ved kanalen, med utsikt mot Lancaster Cathedral til høgre på bildet. Kanalen går milevis både nordover og sørover, med gangveg ved sida av, flott for løpetur eller sykkeltur.

Skulen til Sigurd er liten, og rektor står i porten kvar morgon og helsar på alle. I klassen blir dei delte inn i «hus», akkurat som i Harry Potter-bøkene, og så får elevane personlege poeng og huspoeng som belønning for bra arbeid og oppførsel. Kvar dag kårar dei «Star of the day» og kvar veke «Star of the week», og det er stor stas, men veldig rart for oss. Skuledagen er forholdsvis lang her, men så har dei lite lekser, så alt i alt er ikkje arbeidsmengda større. Dei får karakterar heilt frå dei startar på skulen som fireåringar, og i faga er dei delt inn i grupper etter evne. Sjølvsagt er det skuleuniform, men på primary er denne ganske behageleg, college-genser og svart bukse. Likevel, er det regn, får dei ikkje ut i friminuttet, for dei kan ødelegge uniformen sin. Det er visst ikkje brukeleg å kle seg etter veret her i England.

Vi sleit meir for å finne secondary school for Amund. Her er systemet veldig forskjellig frå Norge. Skulane varierer veldig i kvalitet, sjølv om privatskulane er avskaffa. Dei skulane som er rekna for å vere «best», er grammar schools. Her må ungane ta ein opptaksprøve året før dei skal begynne, for å vise at dei har gode nok kunnskapar til å gå der, for her tek dei berre inn dei beste. Ein av fire som tek testen kjem inn, slik det er no. Systemet er så viseleg ordna at for å stå på opptaksprøven, held det ikkje med den vanlege undervisninga på primary school. For dei fleste forutset det privatlærar og ekstraundervisning i fleire år før opptaksprøven. Naboguten vår las heile sommaren for å ta prøven no i september, og heldigvis kom han inn. Stort press på ein liten kropp, dei er berre 10 år! Men kjem dei først inn, er dei sikra topp motiverte lærarar og medelevar. Her i Lancaster er det to grammar schools, ein for gutar og ein for jenter. Vi bur rett ved guteskulen, så kvar dag går det ein heil hop av dresskledde små og store gutar forbi. Her har dei til og med tilbod for dei som ikkje bur nært skulen, ca 20% er boardingelevar, det vil seie at dei bur på internat her.

Til venstre: Sigurd i skuleuniform, med "Star of the Week"-premien sin. Til høgre: Amund i skuleuniformen sin. 

Eit anna alternativ for secondary school er kyrkjeskulane. Desse har også veldig godt rykte, men forutset at du er aktiv i kyrkja og får med deg dokumentasjon frå presten på dette.

Så til slutt har du dei andre secondary schools. Her vil nok nivået og motivasjonen til ungane variere meir enn på dei to andre skuletypane, det er difor viktig å kome inn på rett skule. Amund fekk plass på Central Lancaster High School, ein skule som har hatt problem før, men som no er rekna som OK. Her er antrekket dressjakke, slips, svart bukse og svarte sko! Ikkje praktisk, men dei ser da OK ut! På secondary må ungane greie seg meir sjølve, her går elevane rundt frå rom til rom etter kva fag dei har. Etter eit par veker på skulen i haust, tok dei nye elevane ein test, og etter denne vart dei plassert i nye klassar, etter nivå. Her er det enda lenger skuledag, men som på primary, mykje mindre lekse enn det vi er vant til frå Norge.

Fritidsaktiviter
Vårt inntrykk er at England er eit konkurranseprega samfunn, både når det gjeld skule, men og innan sport. I Norge får alle lik premie opp til ein viss alder, og før dei er 11 år er det heller ikkje snakk om rangering. Slik er det absolutt ikkje her! Det første møtet vårt med dette, var i sommar, da gutane var med på fotballskule ei halv veke. Den siste dagen var det fotballturnering, og berre laget som vart nr to og ein fekk premie. I tillegg vart det kåra ein «Player of the Week». Denne prisen vart det faktisk Sigurd som fekk, stor stas! Må ellers seie at gutane var skikkeleg tøffe, som ga seg med på dette. Etter å ha vore her i tre veker, utan å ha møtt særleg andre ungar, ga dei seg med på fotballtrening saman med berre engelskspråklege. Eg kjørte dei til banen, og henta dei fem timar seinare. Og det gjekk kjempefint! Sigurd snakka uhyre lite engelsk da, så det var greit at dei var to, men fotball er eit universelt språk.

Til venstre: Sigurd i løpesingleten til Lancaster and Morecambe Athletics Club. Til høgre: Amund og Biskop Nicholas

Både Kjetil og Sigurd går på løpetrening to gonger for veka. I Sigurd si treningsgruppe er alle minst to år eldre enn han, men han trives, og får fantastisk god trening. Nivået er høgt, så han kjem til å gjere store framskritt. Sigurd er og med på ein del løp rundt omkring, og her er det berre dei tre første som får premie.

Vi tenkte at gutane skulle få god trening i fotball medan vi var her, men det viste seg å skulle bli vanskeleg. Her stenger dei fotballaga når dei har nok spelarar til eit lag med reserver. Etter mykje strev, fann vi klubb for Sigurd i ein liten landsby eit kvarter utanfor Lancaster, men for Amund vart det umogleg. Heldigvis arrangerer den lokale proffklubben Morecambe fotballtreninger kvar veke på treningsbanen sin, så Amund får trena der, men noko lag fann vi ikkje. Og lag for jenter eksisterer ikkje! Vi fekk høre at her i distriktet er det rugby og cricket som er dei stor sportane, og at det truleg hadde vore enklare å finne lag lenger sør i landet.

Først på oktober var Sigurd med på sin første kamp for Halton Juniors. Sjølv om vi visste at det var ein cupkamp vi var med på, vart vi rimeleg overraska da det viste seg at med uavgjort resultat vart det både ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse, i ein kamp i aldersgruppa under 10 år! Og gjennom heile kampen såg vi tøffe taklingar, markeringar og duellar på eit heilt anna nivå enn det vi gjer i Norge i denne aldersgruppa!

Amund skal konfirmerast i år, og følger nettundervisninga til Sjømannskyrkja. Sjølve konfirmasjonen skal han ha heime i Rindal i mai. For å få litt av det sosiale i konfirmasjonsundervisninga, følger han undervisninga i den lokale kyrkja her. I Church of England er konfirmasjonen noko heilt anna enn heime. Her er det ikkje mange som konfirmerer seg, og det er ikkje nokon regel for kva år dei gjer det, det er frå 11-årsalderen og oppover. Undervisninga går berre over 8 veker, men sjølve seremonien i konfirmasjonsgudstenesta er mykje meir forpliktande enn heime. No søndag var det konfirmasjonsgudsteneste, og i staden for å bli konfirmert, fekk Amund velsigning frå biskopen.

Til venstre: Leiligheita vår, med parkering rett utanfor, veldig greit. Til høgre: Vi har ein liten hage på baksida. 

Lancaster er ein triveleg by, og folket her er vennlege og hjelpsame. Vi har fått god kontakt med nokre av foreldra på skulen og fotballaget til Sigurd. Men, som vi ofte opplever i Norge og, er det lettare å få god kontakt med andre innflyttarar, enn lokalbefolkninga. Sidan byen er ein stor universitetsby, er det og mange utlendingar her. Studentar frå heile verda kjem hit for å ta doktorgrad, og da har dei ofte med seg familien. Det er organisert mange grupper som har som mål å hjelpe feller til doktorgradsstudentar til å finne seg til rette. Arnhild har engasjert seg i nokre av desse gruppene, og tykkjer det er veldig interessant å utveksle erfaringar med folk frå heile verden.

Kjetil arbeider vanlege dagar på Lancaster University. Etter ein del frustrasjon over engelsk byråkrati og lite serviceinnstilling i starten, fungerer no det meste som det skal. Samarbeid med det engelske forskarmiljøet er ikkje enkelt, men Kjetil har kontaktar over heile verden så det går greit for han. Hittil har han vore på eit par engelske konferansar etter at vi kom hit, men over jul blir det fleire turar også til andre land. Kjetil trives med å undervise, slik han gjer på universitetet i Trondheim til vanleg, men trur det er godt med eit avbrekk for å fokusere kun på forsking i år.

Vi trives godt her i Lancaster. Gutane har fått vener, og vi har godt med aktivitetar, alle saman. Det er interessant å møte nye folk, og sjå korleis det er å leve i eit anna land. Men det er ikkje fritt for at vi ser fram til juleferien no, for da skal vi heim til Rindal. Med dagens teknologi, Facebook, Skype og Trollheimsporten er det ikkje noko problem å halde kontakt og få med seg det som skjer om ein er langt borte, men det er noko anna å møte folk ansikt til ansikt, enten det er på fotballbanen, i skiløypa, på løpetrening eller over ein kopp kaffe! Gleder oss over dagane her, men gleder oss og til å møte alle kjente i jula!

Helsing Arnhild, Kjetil, Amund og Sigurd.

Under ser du Ashton Memorial i Williamson Park, ikkje langt frå der vi bur.

Lancaster har og si Millenium Bridge over elva Lune.

Flott for rulleskitur og!

Fint å ete ute i hagen når det er godver.