IMGP4690-001

- Fokus på å ha det gøttj

Friluftskolen Småtrolluka iTrollheimen er det nye namnet på turopplegget til Småtrolluka som Rindal IL arrangerer. I år er også Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal med og støttar dette arrangementet. Friluftsskolen er i år i veka før fotballskolen til Småtrolluka.

Bildet over: Gøran Bolme frå iTrollheimen inviterer til Friluftsskole under den 34. Småtrolluka, 27. - 30. juni 2018.

Samarbeidet med Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal føre til at familiar med krevande økonomisk situasjon kan søke Friluftsrådet om økonomisk støtte til Friluftsskolen. Friluftsrådet står mellom anna bak Stikk-UT-turane. Søknad kan du sende til mattis@stikkut.no.

Dette blir tredje året med Friluftsskolen i lag med iTrollheimen, og i år er det Operasjon Folddalen som står på programmet. Dette er ein slags omgangsskole med start ved Åmot i Øvre Surnadal og avslutning ved Gråhaugen ved Gråsjøen.

IMGP4690[1].JPG
- I fjor var det 20 som meldte seg på frå Trondheim utan at dei kjente noko til Småtrolluka eller Rindal frå før, så dette er populært, fortalde Ole Solvik (t.v.) frå Rindal IL.

- Vi har fokus på å ha det gøttj, så utstyret blir transportert mellom leirane, fortel Gøran Bolme frå iTrollheimen.

Høgdepunkt

Frå starten ved Åmot er det Foldasafari oppover etter Folda, mest i vatnet. Dagens mål er «Trollenes badeland» der dei skal slå leir første kvelden.

Neste dag blir det padling i kano på Foldsjøen. Der skal dei ha opplæring i kartbruk, orientering. Dagsmålet er Storbekklia og setrene der.

Dag 3 har fjellet Slumpan som delmål, og det blir innlagt tid til frisk bading i fjellvatn. Til kvelds set dei opp campen ved Gråhaugen for siste natta.

Friluftskolen er eit svært populært tilbud med tak på 25 deltakarar. Det var 8 påmeldte kl. 11.15 i dag!
- Blir det kjemperespons, så kan det arrangerast ny runde veka etter, seier Gøran Bolme. 

For påmelding og meir om Småtrolluka - klikk her!