Lørdag
Lørdag Delvis skyet
15°
Delvis skyet
Flau vind
Søndag
Søndag Skyet
20°
Skyet
Lett bris
105509981_315514392815762_2041182520908089983_n

– Endeleg er vi i gang!

Onsdag la ordførar Margrethe Svinvik ned grunnsteinen for Surnadal barne- og ungdomsskule. Her kan du lese talen ho heldt denne dagen, som markerte eit nytt, viktig steg på veg mot skulen, som etter planen skal stå klar i desember neste år.

Tekst og foto: Surnadal kommune
 

Plan- og byggjenemnda for Surnadal barne- og ungdomsskule og hovudutval for miljø, arealforvaltning og teknikk deltok på grunnsteinnedlegginga.

I tillegg møtte Anders Grimsmo for Consto Midt-Norge, som er entreprenør for prosjektet, og byggherreombod Helge Rønning frå XPRO.

105683882_1660823594074921_4356707361240581668_n (1).jpg
Byggherreombod Helge Rønning (frå venstre), ordførar Margrethe Svinvik, kommunalsjef for oppvekst, Astrid Mogstad Høivik, einingsleiar for teknisk drift, Olav Rønning og dagleg leiar i Consto Midt-Norge, Anders Grimsmo.

105997496_276677076878863_346081055946972633_n.jpg
Ordførar Margrethe Svinvik og Jan Terje Moen, som er både hovudtillitsvalt for- og leiar i Utdanningsforbundet Surnadal. 
 

Ordføraren heldt denne talen:


Endeleg er vi i gang!

Vi er i gang med nybygg, ombygging av ungdomsskulen og oppgradering av uteområder.

Vi er i gang med det desidert største byggeprosjektet i Surnadal kommune nokon gong.

Vi er i gang med å skape ei ny skuleframtid for ein ny generasjon av ungar.
 

Dette har vi venta på!

Dette gleder vi oss til!

Dette blir kjempebra!
 

Prosessen har vore usedvanlig lang og grundig.

Eg trur ikkje det er ein tanke som ikkje er tenkt

Det er ikkje ei løysing som ikkje er vurdert

Det er ikkje ein innbyggjar som ikkje har ei meining
 

Engasjement er bra

det er krevjande

men det gir resultat
 

I dag har dagen komme

Vi er stolte og glade for at Consto Midt-Norge avdeling Surnadal har fått oppdraget som totalentreprenør og dei har med seg fleire både lokale og mindre lokale firma.

Plan- og byggenemda, no ved Rakel Polden, kan endeleg puste ut etter mange års arbeid med skiftande mannskap.

Oppvekstleiar, Astrid Mogstad Høivik, har vore med sidan starten og drege lasset i medvind og i motvind.

Og vi politikarar kan no konsentrere oss om nye utfordringar som ventar rundt neste sving.
 

I dag er den symbolske grunnsteinnedlegginga for Surnadal barne- og ungdomsskule.

Grunnsteinen skal synleggjerast i det ferdige bygget og vil kome på plass i samband med opninga.
 

Som ordførar er det difor ei ære å få ta det første spadetaket for det som eg er sikker på skal bli ein skule vi som innbyggjarar, tilsette, foreldre og ungar vil vere stolte av og vil bli glade i.
 

Gratulerer og lykke til med byggeprosessen!