- Torsdag 09.02 Årsmøte i Rindal pensjonistlag
- Torsdag 09.02 Poengrenn i Bolme
- Fredag 10.02 Rindal kino: Norgespremiere: Pus i støvler
- Fredag 10.02 Rindal kino: Chronicle
- Lørdag 11.02 Rindal kino: Pus i støvler
- Søndag 12.02 Gudstjeneste Rindal eldresenter
- Søndag 12.02 Høgmesse Øye kyrkje
- Søndag 12.02 Familiegudsteneste Åsskard kyrkje
- Søndag 12.02 Rindal kino: Pus i støvler
- Søndag 12.02 Rindal kino: Chronicle
- Eit fantastisk flott anlegg
Ordførar Mons Otnes var på besøk hos Surnadal Motocrossklubb søndag for å sjå på den utvida banen klubben no har fått laga ferdig på Kvanne. - Eit fantastisk flott anlegg, var helsinga frå ordføraren, som overrekte blomster frå Surnadal kommune til baneansvarleg Odd Bjørn Grytskog og leiar i klubben, Svein Stenberg.

Surnadal Motocrossklubb er no klar for å arrangere Midtnorsk meisterskap 11. og 12.september. Offisiell åpning av nybanen blir den helga, men klubben hadde open bane for trening no i helga.
- Vi kan seie oss fornøgd med godt over 20 køyrarar både laurdag og søndag. Dei fekk trena mykje, og vi får gode tilbakemeldingar på banen etter ombygginga, fortel Grete Ranes Heggem, som har sendt bilder til Trollheimsporten frå treningshelga.
- Det har vore ein fast gjeng som har jobba mykje med å få anlegget ferdig. Da er det ekstra hyggjeleg at ordføraren tek seg tid til å kome på besøk, og viser interesse for idretten vi i klubben brenn for. Å drive med motorsport i trygge rammer på eigen bane, der vaksne er saman med born og unge, er for oss i klubben ei drivkraft for å halde på. Vi opplever eit veldig godt miljø for born, unge og voksne. Medlemstalet har gått noko ned sidan starten i 2001, men det siste året har vi fått fleire yngre køyrarar med, så no ser det betre ut for rekrutteringa, seier Ranes Heggem.

11. og 12. september kan motocrossklubben ønskje publikum og rundt 100 køyrarar frå Midt-Norge velkomne til den femte runden av årets Midtnorske meisterskap på crossbanen på Kvanne.
Les meir om klubben på heimesida www.smxk.no.




























