Formannskapet 2

- Ein viktig felles kviledag

I går kveld vedtok formannskapet i Surnadal enstemmig å si nei til forslaget om endringar i helligdagsloven for å tillate søndagsopne butikkar. Her kan du lese formannskapets høringsuttale.

Surnadal kommune sender følgjande høringsuttale, i tråd med ordføraren si tilråding:

Surnadal formannskap støttar ikkje dei foreslåtte lovendringane, verken primærforslaget eller sekundærforslaget. Surnadal formannskap meiner det ikkje er behov for eller hensiktsmessig med ei liberalisering som legg til rette for meir søndagshandel utover det som det i dag er tilgang til. Vi meiner tvert imot at det er viktig å oppretthalde grenser for kommersiell aktivitet på søndagar. Grenser for kommersiell aktivitet på søn- og helligdagar bidreg til å bevare disse dagene i samsvar med våre tradisjonar og sedvane.

Søndagen er ein viktig felles fridag og kviledag, og det er ein viktig samfunnsverdi for befolkninga å vidareføre søndagen som ein dag som skil seg frå dei andre dagane, ein dag som er viktig for livsrytmen til folk flest. Vi meiner det er sannsynlig at regjeringas forslag til liberalisering vil ha store konsekvensar for familieliv, arbeidsliv og ikkje minst kulturliv og frivillig sektor.

 

Arkivfoto.