Lørdag
Lørdag Skyet
11°
Skyet
Svak vind
Søndag
Søndag Lett regn
Lett regn
Svak vind
eli vullum kvande1

– Ein hån mot elevane å kutte i miljøtiltaka

Saka om prosessen vidare etter den avlyste anbudsrunden for nye Øye skule skapa stor debatt i kommunestyret i Surnadal torsdag. Eli Vullum Kvande (MdG) heldt eit brennande engasjert innlegg om klimaaspektet i prosjektet, og fekk brei støtte i kommunestyret.

Storparten av kommunerepresentantane i Surnadal inntok torsdag talarstolen då prosessen i skulesaka på Øye var på agendaen.

Eli Vullum Kvande (MdG) takka kommuneadministrasjonen for å ha følgd opp kommunestyret sitt vedtak om at det skulle leggjast vekt på å finne innovative, energi- og miljøvenlege byggtekniske løysingar innanfor den vedtekne ramma. Det er no søkt om seks millionar kroner i klimasatsmidlar til prosjektet.

– Det ønskjer eg å belyse, at klimatiltak får støtte. Eg ber om at dette blir tatt hensyn til i det vidare arbeidet med prosjektet.

Kvande slo fast fire punkt ho ønska å belyse, og starta med viktigheita av å ta barn og ungdom på alvor.

– Det er ikkje i miljøtiltaka, som å byggje i massivtre eller å bli forsynt eigen solenergi, vi skal kutte. Det er ikkje tida for det. Det ville vore ein hån mot mot elevane som skal gå på skulen, og dei 40 000 norske elevane som gjekk ut i klimastreik 22. mars, sa Kvande, som vart så engasjert at ho måtte ta ei kort pause, før ho fortsette:

– Den nye læreplanen som kjem hausten 2020 er gjennomsyra av berekraft. La oss vise barna at det er samanheng mellom liv og lære, og at vi tek framtida deira på alvor.

MdG-toppen la og vekt på at ein må ta lærarar og fagarbeidarar på alvor.

– Det er kome to utspel frå klubbane ved Surnadal ungdomsskule og Øye skule, og det å oversjå gruppa med tilsette, som står i undervisning kvar einaste dag, meiner eg er uklokt. Argumentet om at vi veit at dette blir for dyrt, kan ikkje brukast, når vi no har sett at tala vi har operert med ikkje kan stolast på, seier ho, og legg til:

– Bruk tida på å sjå på det på nytt, og eventuelt i sambruk med 97-bygget med dei fine tilhøyrande uteområda. Å tru at ein kan møte brukarinnspela i D1 pluss-alternativet med 30 prosent reduksjon i kostnadane, og ei lita ombygging av ungdomsskulen, er utopi. Grunnen til at D1 ikkje vart vedteke var nettopp på grunn av brukarinnspel.

Rådmann og hovudtillitsvalt inn i faggruppa

Kvande sine to siste punkt var å ta økonomisituasjonen i kommunen og trepartssamarbeidet på alvor. Ho la difor fram forslag om at hovudtillitsvalt for Utdanningsforbundet skal vere med i faggruppa som skal jobbe vidare med skuleprosjektet.

Forslaget vart seinare samkøyrt med eit forslag frå Bergsvein Brøske (Sp), til å også omfatte at rådmann Knut Haugen skal sitte i faggruppa.

Formannskapet si innstilling var at denne skulle bestå av byggherreomrbod Helge Rønning frå XPRO, Olav Rønning og Astrid Mogstad Høivik.

Kommunestyret var etter debatten samstemte i å vedta forslaget til Kvande og Brøske, og dermed vert både rådmann Haugen og hovudtillitsvalt frå Utdanningsforbundet, som i skrivande stund er Jan Terje Moen.

Støtte frå Bøe og Polden

Kvande fekk støtte frå fleire hald etter innlegget sitt.

Gunnhild Bøklep Bøe (Sp) gjekk rett på talarstolen og takka MdG-representanten for miljøengasjementet.

– Eg tykkjer du seier utruleg mykje fornuftig. Tidlegare ser vi at det ofte er dei vi har sett på som ekstreme innanfor miljøsaka, som får rett til slutt. Så tusen takk for engasjementet ditt i denne saka.

Også Rakel Polden (Ap) støtta Kvande.

– Eli sitt innlegg var veldig godt, vi må ha med oss miljøperspektivet inn i plan- og byggenemnda, sa Polden, før ho henvendte seg direkte til Kvande:

– Eg er veldig glad for at du er her.

eli vullum kvande, rakel polden og olav rønning.jpg
Eli Vullum Kvande fekk ros for miljøengasjementet sitt frå Rakel Polden (i midten). Kvande takka kommuneadministrasjonen, her ved Olav Rønning, for at dei har følgd opp tidlegare vedtekne klimatiltak.

– Ei justering av kursen

Polden heldt og det aller første innlegget i saka, då ho, som leiar i plan- og byggjenemnda (PBN) slo fast at ho håpa at PBN får klare føringar om kva kommunestyret meiner skal gjerast framover.

– Eg trur og vi må auke den økonomiske ramma litt, for eg trur det blir vanskeleg å få til noko vi blir fornøgde med, slik den ligg no. Vi må og ta innover oss den generelle prisstigninga, at for kvar dag som går blir prosjektet dyrare.

Sp-representant Margrethe Svinvik understreka at partiet ønskar ei rask avklaring, ein rask prosess og ei god gjennomføring av prosjektet.

– Eg ser på dette som ei justering av kursen. Vi har venta på anbudsrunden for å få fasiten på kva ting kosta, og fasiten var langt unna det vi trudde. Vi skulle ønska at det var blink, men det var det ikkje. Likevel har vi mykje meir å gå ut i frå no enn før anbudsrunden.

– Når det gjeld prisstigning og rammer må vi ta hensyn til dette, vi får ikkje dette til same pris som vi fastsette for eitt år sidan. Samhandling og effektivisering av driftskostnader var eit premiss for heile prosjektet, og det må vi ta med oss vidare. Vi må halde fast på utgangspunktet for prosjektet, seier Svinvik, som fekk støtte av varaordførar Helge Røv.

Han informerte om prosessen og diskusjonen i formannskapet.

– Eg meiner prosessen har vore så lang, at eg er redd for ein ny prosess og nye konkrete måtar å gjere dette på. Det vil ta for lang tid. Eg er i så måte samd med Rakel Polden og Margrethe Svinvik:

– Det må framleis vere ein 1-10-skule, og vi må innsjå at vi må auke rammene, både på grunn av prisstigning og fordi det alternativet vi ønskjer oss blir dyrare enn vi trudde.

Diskusjon om 97-bygget

Mali Hildrun Gravvold Settem oppmoda til å sjå på om 97-bygget ved eksisterande Øye skule kan brukast.

– Eg tykkjer det er så taust om 97-bygget på Øye skule. Eg meiner framleis at det skal vere ein 1-10-skule, men kunne ikkje 97-bygget vorte brukt som skule til dei yngste? Samtidig kan ein ha ungdomsskulen som den er, og byggje ein ny skule for mellomtrinnet, seier ho, og legg til:

– Når vi har ein så stor, fin skule ståande tykkjer eg det er rart at 97-bygget ikkje er nemnd oftare, og eg tykkjer vi er stormannsgale når det gjeld økonomien til kommunen.

Nils Petter Tonning (Frp) støtta Settem i at 97-bygget framleis burde brukast til skule, medan Rakel Polden (Ap) argumenterte imot.

– Når det gjeld 97-bygget har vi vore gjennom desse rundane, og bygget kan brukast til både barnehage og SFO. Det er ikkje stormannsgalskap, for ulike plasseringar på skulane kan føre til ekstra drifts- og personalkostnader. Difor er det kanskje ikkje så mykje å spare på sikt, på å bruke 97-bygget på skule. I tillegg må det vere eit mål å få til ei kantine for alle.

Ove Magne Aasen peika på at 97-bygget i dag er bruka til 1.-5. trinn, og at det er veldig fine lokaler. Samtidig slo han fast at han er veldig bekymra for den foreslåtte samanbygninga i samband med tannlegekontoret, og understreka viktigheita av at ein ikkje mistar ein gymsal i ombygginga.

rakel polden.jpg
Rakel Polden (Ap) er leiar for Plan- og byggenemnda for nye Øye skule.

Glad for dei mange innspela

Bernt Venaas (Sp) var og på talarstolen i skulesaka.

– Det er veldig viktig for meg å understreke at vi ikkje kan gå tilbake til start, og at vi må halde fast på ein 1-10-skule med felles administrasjon. I tillegg må dei som er nærast oppi dette høyrast tydeleg i den vidare prosessen.

Vidare følgde Bergsvein Brøske (Sp), Tove Mogstad (Sp) og Oddny Hoem (Ap) på talarstolen, før Høgre-representantane Marit G. Langli og Kathrine Mauset var dei neste på lista.

– Det er mykje sunt folkevett i kommunestyret, tykkjer eg. Det vi kanskje fekk ein kalddusj på i samband med anbodsrunden, var at dei faglege råda vi har fått tidlegare var fullstendig skivebom, seier Mauset og legg til:

– Eg kjem difor med ei henstilling om at faggruppa finn gode løysingar på å involvere entreprenørar så tidleg som muleg, slik at vi ikkje går ut med ein ny anbodsrunde der vi får ei ny, stor overrasking. Det har eg full tillit til at faggruppa får til.

Lilly Gunn Nyheim (Ap) fortalte at ho var glad for at så mange kom med innspel, og at stemninga i salen var så god. 

– Her har det komme fram mange gode innspel faggruppa kan ta med seg vidare, seier Nyheim.

Tips en venn Skriv ut