Tirsdag
Tirsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Frisk bris
Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
landbrukskonferanse fellesbilde 1

– Ein arena og treffplass som trengs

14. november er det klart for Surnadal Sparebanks Landbrukskonferanse i Surnadal kulturhus, og med eit breitt spekter av innleiarar, trur arrangørane at programmet vil interessere dei fleste.

Landbrukskonferansen vart arrangert for første gong i 2007, og sist den vart arrangert, i 2017, tok om lag 120 deltakarar turen til kulturhuset.

I tillegg til Surnadal Sparebank, er Surnadal Bondelag, Todalen Bondelag og Surnadal kommune med i programkomiteen, som planlegg og arrangerer konferansen.

– Vi tykkjer vi har fått snekra saman eit godt program, men det er jo alltid spennande å sjå om folket meiner det same. Tanken er at konferansen skal gje påfyll til dei fleste, og at alle skal finne noko som kan interessere dei, seier Anne Saltrø Polden.

Saman med Ole Magnus Løwe representerer ho Surnadal Sparebank i programkomiteen.

– Landbrukskonferansen er ein arena og treffplass som trengs. Dette handlar om samfunnet rundt oss, og bør vere interessant både for byråkratar, politikarar og den harde kjerne av bønder, seier Polden, og får støtte av Ragna Mauset i Surnadal Bondelag:

– Vi ser at mange gardbrukarar sit åleine kvar for seg, og vi trur det er viktig at folk får komme seg ut og høyre litt kva andre driv med, og korleis dei løyser utfordringane i kvardagen.
 

Godt og variert program

Når det gjeld sjølve programmet åpnar John E. Fiske, Arne Heggset og Jon Arne Lesund som innleiarar, i samtale med konferansier Svein Sæter.

– Sjølv om det er mest mjølkebønder og sauebønder i Surnadal, er dei få som driv med svin i kommunen i landstoppen. Bakteppet for at vi har spurt John, Arne og Jon Arne er filmen som skapte oppstyr i næringa i sommar, seier Anne Saltrø Polden, og fortsett:

– Kva tenkjer ein når næringa di blir framstilt slik? Og korleis motiverer ein seg for å gå på arbeid når ein nærast blir framstilt som dyremishandlarar? Dette er interessant stoff, tykkjer vi.

Etter surnadalstrioen er Christian Anton Smedshaug nestemann ut. Han er dagleg leiar i AgriAnalyse, og har valt å kalle foredraget sitt «Norsk jordbruk i spennet mellom internasjonale trender og nasjonal etterspørselsutvikling».

– Det høyres kanskje tungt ut, men Christian er ein mann vi har hatt lyst til å få hit til landbrukskonferansen lenge. Han er veldig god til å prate for seg, og det kan vere greitt å få løfta blikket litt og sjå litt lenger enn sin eigen kvardag, seier Polden.

Siste innleiar før lunsj er Jon Magne Sæter, som vil bruke erfaringane sine både som gardbrukar og dagleg leiar ved Eiksenteret Midt-Norge.

– Jon Magne har erfaringar både som leverandør og gardbrukar, og kan difor komme inn på til dømes samspelet mellom landbruk, klima og miljø, og om ny teknologi kan vere ei løysing på utfordringane på dette feltet, seier Polden.
 

Mjølkeproduksjonen si framtid engasjerer

Også etter lunsj vert tre viktige tema innan landbruket teke opp. Først ut er Live Svalastog Skinnes. Ho held til dagleg til på Nedre Skinnes Gård, der ho starta bloggen Gardsfruene, før ho gjekk over til det meir internajonale namnet Farmgirl of Norway.

– På garden hennar sette dei seg som mål å vere best på dyrevelferd, jord og blogg, seier landbrukskonsulent Elin Lysø Moen i Surnadal kommune, og fortsett:

– Foredraget hennar, «Se mulighetene rundt deg!», handlar om korleis ein kan bruke alle dei mange ressursane ein finn på ein gard, og ho vil snakke om korleis ein kan formidle alt det positive som skjer på gardane. I og med at ho fokuserer mykje på jord, har vi og utfordra henne på å snakke om miljøperspektivet, og til dømes lagring av karbon.

Nils Asle Dolmset er nestleiar i styret i Tine, og er nest siste foredragshaldar 14. november. Han skal snakke om situasjonen innan mjølkeproduksjon, der det vert nedskalering i produksjonen på grunn av auka import og utfasing av eksporten av Jarlsberg.

Dette er tydeleg eit tema programkomiteen engasjerer seg for.

– Det er dramatisk når nedskaleringa og utfasinga skjer samtidig, og vi fann ut at vi ikkje kunne ha Landbrukskonferanse i Surnadal utan å ta for oss dette temaet. Mjølkeproduksjonen si framtid er eit veldig spennande tema for alle oss som driv med dette, seier Anne Saltrø Polden, og får støtte frå Ragna Mauset:

– Ja, vi er vande til å at mjølkeproduksjonen går opp og ned, men dette er mykje meir dramatisk enn vanleg. Etter den prosessen mjølkeprodusentane står overfor no framover, vil nok dessverre ein del måtte seie at nok er nok. Bondelaga har vore med og gjeve signal frå grasrota om dette.

Ståle Ansnes frå Todalen Bondelag skyt inn:

– Dersom ein mistar 100 tonn, vil det ha store økonomiske konsekvensar. Folk må vere bevisste når dei vel matvarer i butikkane. Til dømes er Dr. Oetker-pizza blant dei største kjeldene til importert ost i landet.

– Ja, og når du skal velje til dømes yoghurt, burde folk ha i bakhovudet kva sortar som er laga av norsk mjølk og kva sortar som er laga av importert, utanlandsk mjølk. Alle desse vala påverkar norske bønder, seier Anne Saltrø Polden.

– Forbrukarane har mykje makt, og vala folk gjer vil bli visande både i naturen og i produksjonen i Noreg, seier Ragna Mauset.
 

Odin Jensenius kjem

Siste talar er Odin Jensenius, sauebonden som er spelt og gjort kjent av journalist, programleiar og komikar Klaus Sonstad.

– Vi treng eit skråblikk på dette, og Odin vil snakke om det å halde trua på det ein held på med, og framleis vere motivert for jobben sjølv om ein møter motgang og kritikk, seier Polden om foredraget, som har fått namnet «Om å stå i stormen!».

Med dette programmet trur komiteen at dei har funne noko for dei fleste, og håpar på godt oppmøte 14. november.

– Tidlegare har det vore ei fin blanding folk, og vi håpar så mange som muleg tek seg tida til å delta på Landbrukskonferansen i år og. Vi satsar på at det kjem minst mellom 110 og 140 deltakarar i år og, slik det har bruka å gjere.

 

Tips en venn Skriv ut